Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg førjulsbesøk i Matkroken

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. desember 2019

Pavarotti med kor frå Nordmøre Folkehøgskule laga ei retteleg triveleg førjulsstund i Kaffekroken på Halsbua fredag føremiddag. Dette til stor glede for «stamgjester», tilsette og anna publikum i butikken.

Kjell Gunnar Polden med elevar sprer førjulsglede i kommunen. Foto: Dordi J H

Kjell Gunnar Polden er lærar på NOFO og ansvarleg for denne elevgruppa som no før jul er rundt i kommunen for å spre julehygge. Dei er på ein besøksrunde til sjukeheimen, kommunehuset, skular og nærbutikkane i Todalen og Bøfjorden. Dei blir godt mottekne over alt og får stor takk for besøk og underhaldning!  Forresten så tek dei og ansvar for å skape trivsel heime på skulen med å servere gløgg og sjølvbaka lussekatter til medelevar og tilsette. Det er flott!

O, helga natt med Kjell Gunnar, Kristian, Erkki Morten og Magnus. Flott song! Foto: Dordi J H

Erkki Morten Lima både song og spela gitar. Foto: Dordi J H

Takk for stor innsats i lokalsamfunnet!

Kjell Gunnar opna minikonserten med å dele ut blomster til handelsmann Nordvik. Dei har lagt merke til at han er lokalpatriot og gjer ein kjempeinnsats for Todalen og nærområdet. Folkehøgskulen har og god hjelp av Terje når det gjeld opplegg dei har i Todalsområdet, så han fekk også takk for godt samarbeid!

«Du er ein fantastisk person, Terje», sa Kjell Gunnar. Terje N fekk både blomster og ein god klem. Foto: Dordi J H

Så vart det fin konsert  med kjente julesongar: Glade jul og Deilig er jorden. Lærar Erkki Morten Klami akkompagnerte på gitar og tok like godt eit fint soslonummer! Erkki er forresten lærar i «Gaming» – spennande. Til avslutning song ei gruppe «O, helga natt» med «Pavarotti Polden» i front – det var mest som taket løfta seg i Kaffekroken!

Som takk for besøket fekk elevane blautkake og bakels – det var vel fortent!

Elevane frå folkehøgskulen var ein riktig så blid og triveleg gjeng! Dei kunne fortelje at dei trivest kjempegodt på folkehøgskulen i Surnadal. Elevane kjem frå heile landet frå Nordkapp i nord og elles både frå aust, vest og sør.

Triveleg med besøk frå NOFO. Her er Torbjørn, Erlend, Kristian, Lena, Jenny, Mathilde, Erkki Morten og Benedikte. Foto: Dordi J H

Folkehøgskulen skal ha ros for at dei involverer seg i lokalmiljøet og besøker alle delar av kommunen.

Vi ønskjer elevar og tilsette på Folkehøgskulen ei fin førjulstid, og elevane god tur heim på juleferie om ei veke!

Kjekt å synge i lag! Foto: Dordi J H

Fleire bilete:

Publikum sette pris på songen! Frå venstre: Ragnar, Lars, Torill, Johan, Hans og Kjell. Foto: Dordi J H

Jon, Leif Egil og Johan kosa seg på førjulstreff på bua. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 13. desember 2019, 15:04