Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsskrift med variert og interessant innhald frå Stangvik historielag

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. desember 2019

Årsskrift nr. 13, år 2019, frå Stangvik historielag har eit godt og interessant innhald. Her er det artiklar som dekkjer eit stort omland, det meste av gamle Stangvik kommune som Ålvundfjorden, Lykkjebygda, Hamnes, Årnes og Stangvik.

Bilete frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Sverre Kjølstad har skrive eit fint og interessant portrett av skreddaren Lars Melhus, han hadde «tilskjæringsdiplom for herregarderobe». Det er nok mange som hugsar han og fekk laga fine og godt tilpassa klede av Lars, både herrar og damer. Han sydde uniformer for mange korps, mellom anna Stangvik og Todalen skulekorps.

Christen Torvik Settemsdal har to artiklar i årsskriftet: «Medalje for Edel Daad til Ingeborg Hamnæs i 1904» og ei omfattande tekst om «Folk og forhold i Hamnesfjorden rundt 1900». Ingeborg fekk Kongens medalje i sølv for at ho berga tre ungdommar frå å drukne. Ungdommane gjekk gjennom isen i Hamnesfjorden da dei var på veg utover sjøisen for å kome seg ut til Dampbåten, dette er både ei spennande og rørande historie.

Ulvund Kraftstasjon. Frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Nils Bjørsvik og Rolf Smisetfoss skriv om Ulvund og Reinset Kraftanlegg – historia startar rundt 1900 og varer fram til i dag.

Erling Myrbostad presenterer «Denne fanten paa Aasen». Fanten var Endre Nilsson Aasen fødd i 1798. Han hadde godt handlag, var lærenem og lærte seg både urmakarfaget og gullsmedfaget, og kunne mykje om mangt. Han irriterte seg sterkt over presten Finckenhagen, det var nok gjensidig, for det var presten som omtala Endre som «Denne fanten på Aasen». Endre med familie flytta til Kristiansund og etablerte seg der med gullsmedforretning, og framleis i dag driv etterkomarar av Endre Aasen gullsmedforretningar både i Molde og Kristiansund. Ei fengslande historie.

Gyda Evensen. Frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Torbjørn Brøske har skrive om: «Gyda Evensen 1895 – 1984: Hun spiller sikkert og godt, og hendes spil vidner om saavel musikalsk som kirkelig sans». Gyda var organist i 50 år, det meste av tida både i Stangvik og Todalen kyrkje. I Todalen budde ho i Austgarden på Kvennset. Ho fekk Kongens fortenestemedalje. Eit interessant portrett av ein dyktig organist.

«Svanhild» på Shetland. Frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Artikkelen av Lars Gudmund Røen har tittelen: «Med Svanhild på pinsetokt til Sjælland». Her kan vi lese om hardangerjekta Svanhild som vart bygd av Jon Sjøtrø på Nordvik for brørne Johan og Ola Drøpping. Vidare inneheld artikkelen ei skildring av pinseturen med «Svanhild» frå Bergen til Shetland. Lars Gudmund skriv om ein tur med skarp sjø og hardbare hundevakter, men ei spennande og opplevingsrik reise.

Soplingar. Frå årsskriftet til Stangvik historielag.

Soplingar av bjørkeris er ikkje så vanleg lenger, men i årsskriftet er det altså eit «Sopelimekurs»! Her er det instruktiv tekst av Marit Haugen og bilete som fortel om framgangsmåten. Artig!

«Ein gammal bunadsvest» – her fortel Marit Haugen om bunadsvesten sin som har stoff som nærmar seg 300 år! Stoffet er «glitret» eller glansa. Interessant!

Frå årsskriftet til Stangvik historielag.

I tillegg til det som her er omtala, er det småstubbar, dikt, turomtalar og mange gode bilete både av gammal og nyare dato.

Årsskriftet til Stangvik historielag er på 64 sider. I redaksjonen er  Marit Haugen, Torbjørn Polden, Grete Aarnes og Lars Steinar Ansnes. Dei har gjort ein kjøle god jobb, for dette årsskriftet for 2019 riktig så bra, svært interessant!

Årsskriftet kan kjøpast på Hals (Matkroken Todalen), og hos Einar Grønnes, Marit Haugen og Erling Myrbostad.

 

Først publisert: 1. desember 2019, 00:29 - Sist oppdatert: 3. desember 2019, 09:16