Fredrikkekaffe i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!
Vi fann 1019 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!
Todalen sanitetsforening er klar for nytt arbeidsår – det blir medlemsmøte tysdag 7. januar kl. 18.30 i Sanitetshuset. Medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne! Alle, både i Todalen og i nabobygdene, kan møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga og arbeidet i organisasjonen.
Pavarotti med kor frå Nordmøre Folkehøgskule laga ei retteleg triveleg førjulsstund i Kaffekroken på Halsbua fredag føremiddag. Dette til stor glede for «stamgjester», tilsette og anna publikum i butikken.
Todalen sanitetsforening har ein lang og god tradisjon i å gi eldre i bygda ei blomsterhelsing før jul. «Vi ønsker å glede velvaksne todalingar i adventstida», seier Maren Ansnes som er leiar i foreininga.
Etter melding frå Idrettslaget om nyoppkjørte løyper vart det tur oppå Tjønnmyran for å prøve skiene og sjekke forholda. Det er berre å slå fast at skiføret midt på dagen tysdag er riktig godt, og at det er flotte dårer for klassisk stil og breie trasear for skeising! Her er det rom for alle.
Todalen idrettslag melder at det no er retteleg fine forhold for å gå på ski oppå Tjønnmyrå! Det er godt med snø, og traseen vart oppkjørt no i morgontimane.
Plana for dagens luftetur var Litjrundt, men etter tips frå ein halling, vart det i staden rundtur om Hengebrua. Frå Brusetbrua og innover langs Storelva ligg det no store isblokker langs elvbreidda etter isforra som gjekk tidlegare i veka; natt til onsdag?
Det blir fotpleie i Todalen sanitetshus før jul. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem onsdag 18. desember. Ho har ledige timar. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så snart som råd, det gjer arbeidet med timeoppsett og planlegging enklare.
Årsskrift nr. 13, år 2019, frå Stangvik historielag har eit godt og interessant innhald. Her er det artiklar som dekkjer eit stort omland, det meste av gamle Stangvik kommune som Ålvundfjorden, Lykkjebygda, Hamnes, Årnes og Stangvik.
Forfattarane Torbjørn Polden, Lars Steinar Ansnes og Erling Myrbostad har gjennom 12 år samarbeidd om å gi ut bøker med utgangspunkt i lokal historie knytt til Eidet og Lykkjebygda der karane voks opp. I alt har det vorte fem bøker. Torsdag kveld var det bokslepp for «Under Skarfjellet» – bind 3. Da har dei produktive forfattarane gjeve ut 3 bøker i løpet av det siste året! «Men det blir ikkje tre nye bøker neste år,» slo Lars Steinar Ansnes fast.
Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.
Kalenderen viser at det framleis er nokre dagar til midten av november, siste haustmånaden; men da Kløverturgjengen starta ut på trimtur i dag, viste gradstokken minus 10 grader! Iskaldt, men fint: Låg sol og rim på marka! Retteleg fint og stjerte før!