Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar på tysdag!

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. mars 2020

Tysdag 10. mars kl. 11 skjer det: Endeleg kan vi invitere til opning av frivilligsentralen!

Tekst: Steinar Hasselø.

Ordførar Margrethe Svinvik vil ta seg av snorklippinga, og vi får underhaldning av elevar frå kulturskulen. Frå kl. 11 og utover dagen serverer vi gratis kaffe og kake til alle som kjem innom.

Ungdomsklubben blir også open denne dagen, frå kl. 15 og til kl. 19. Klubben er eit tilbod for dei i ungdomsskulealderen, og vi spanderer pizza, brus og kake på ungdommane kl. 16.

Surnadal Frivilligsentral held til i MøbelFiske-bygget på Skei.

Velkomen!

 

—   

Publisert: 8. mars 2020, 20:13