Strikkekaffe med utlodding
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 14. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Vi fann 1022 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 14. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Det var ikkje akkurat mildt og fint vårver første kløverturdagen i mai, men regnelingar og sterke vindkast. Turvandrarane måtte halde både på hatten og håret!
Søndag 1. mai gjekk startskottet for årets Stikk UT!-sesong. Godt ver og mykje folk både i Toåa tursti og i Svinvikrunden. Kjekt med turopplegg som gjer at det er lett å finne fram om ein er ukjent, og som er tilrettelagt for parkering.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Søndag 1. mai er det klart for ny sommarsesong med Stikk UT! Her i Todalen er det to Stikk Ut!-turmål denne sesongen; nemleg Toåa tursti og Svinvikrunden. Toåa tursti er ny av året, medan Svinvikrunden har vore Stikk UT!-tur i mange år; det er nok den turen som har stått på turlista i flest år her i kommunen og er ein svært fin og populær trimrunde. På Nordvik er Åsbøsnyta med i turoppsettet denne sommaren. I alt er det 12 Stikk UT!-turmål i Surnadal kommune.
Etter ein lang godversperiode med sol frå klår vårhimmel kom siste måndagen i april med grått og surt ver, men opphalde og stilt, alstå godt turver.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 25. april. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Alle er velkomne til å bi med ut og gå tur!
Laurdag 23. april arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Sol og fint ver freista nok til uteliv, men likevel var det rimeleg godt oppmøte til Fredrikkekaffeen.
Eit sikkert vårteikn er sanitetskvinner som sel maiblomster, i år er det i Todalen sal av maiblomstkrans og bilblomster, ein kan altså pynte både seg sjølv og bilen ved å støtte ei god sak.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. april. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Blir du med?
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!