Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trygg kvardag for eldre – kva må vi passe på?

Dordi Jorunn Halle Onsdag 28. september 2022

Interessant og nyttig tryggheitstreff i Sanitetshuset onsdag med fokus på trygg kvardag for eldre. Her var det mange gode råd og tips å få!

Arrangør av møtet var omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening, og dette var eit lokalt treff i samband med «Sanitetens uke». Hovudtemaet for møtet var brannvern. Viktig å få denne informasjonen med målgruppe eldre i nærmiljøet!

Feiarane Rune Kirkholt, Rindal, og Reidar Rudolfsen, Surnadal, heldt eit engasjerande og godt foredrag! Her kunne ein lære nytt og få friska opp att kunnskap.

Feiarane Reidar Rudolfsen og Rune Kirkholt. Her syner dei fram komfyrvakt, lite brannslokkingsapparat som bør finnast på kjøkkenet, brannslokkingsapparat og røykvarslar. Og det er lurt at at brannslokkingsapparata er lett tilgjengelege. Foto: Dordi J H

Røykvarslar i kvart rom!

Det er påbudt å ha minst ein røykvarslar i kvar etasje. Men det held ikkje, meinte feiarane. Rådet frå dei er røykvarslar i kvart rom! Spesielt viktig er det viktig med røykvarslar på soverommet. Og ikkje minst er det viktig å passe på at røykvarslarane verkar! Batteria i varslarne må skiftast, i enkelte modellar kvart år. Å bli varsla raskt om at det brann i huset, er utruleg viktig!

Kva gjer du om det begynner å brenne?

Her er det berre ein rett ting å gjere: Nemleg å kome seg ut av huset fortast råd! Ikkje tenk på å hente ting for å ta med ut – berg liv! Ring 110! Dei andre nødnummera som 110 og 113 kan også brukast; det er samhandling mellom nødetatane.

Jorunn Hals Ørsal og Kari Kvendset frå omsorgsberedskapsgruppa i lag med feiarane Rudolfsen og Kirkholt og Håvard Halset frå det lokale brannvesenet. Foto: Dordi J H

Korleis forebygge brann?

Ein god del brannar oppstår ved lading av mobiltelefonar, I-padar osv. Konklusjonen er at ein berre skal lade elektriske apparat når ein sjølv er til stades og kan ha oppsyn med ladinga. Lad altså aldri mobilen om natta! Ein bør heller ikkje fyre i vedomnen nattestid. Telys ser uskuldige ut, men dei kan dei lett flamme opp og forårsake brann.

Skal ein ha ei smultgryte på komfyren, så ha eit lokk ved gryta som kan brukast til å kvele eventuell ild! Vatn fungerer ikkje. Komfyrvakt er viktig!

Sørg for å ha nok faste stikk-kontaktar, unngå bruk av skøyteldningar og doble,lause stikk-kontaktar, og slett ikkje lange «fjøler» med ei rekke stikk-kontaktar.

Fyr med tørr ved og god trekk. Feiarane anbefalte tennposer til opptenn, tennvæske er til grillen!

Sløkking av brann. Knut Halset viser rett bruk av brannslokkingsapparat. Foto: Jon Olav Ørsal.

Lokalt brannvesen

Håvard Halset representerte Todalen brannlag som er på seks personar. Dei hjelper til både ved brann og helse, og ikkje minst har dei god lokalkunnskap som ofte er til stor nytte. Men Håvard poengterte at ein alltid skal ringe 110 eller 113 først, for der er det alltid folk på vakt som melder vidare til lokale krefter. Dei lokale mannskapa samarbeider både med politi og helse. Og dei er ofte først på plass!

Og når det er brann eller hendingar som går over tid, stiller omsorgsberedskapsgruppa i sanitetsforeninga opp med servering og forpleining!

Etter foredrag og god servering vart det demonstrasjon og bruk av brannslokkingsutstyr ute.

Viktig å ha brannteppe for å kvele brann. Foto: Dordi J H.

Kaffepause med gode rundstykke og nybaka kringle! Foto: Dordi J H

 

 

 

 

 

Publisert: 28. september 2022, 22:36