Svorka med varmepumpe-kampanje ut oktober
Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga.
Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.
Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga.
Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!
Surnadal kommune har no lagt ut Todalen skule for sal. Eldste delen av skulebygningane er bygd i 1920, gymsalen påbygd i 1982 og eit lite påbygg frå 1997. Prisen er sett til ei krone. Det er driftsplan og framtidig bruk av bygningsmassen som vil vere avgjerande for kven som får tilslaget.
Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag 12. oktober klokka 11:00 oppatt med innetrim. Innetrimmen vil denne sesongen foregå på Frivilligsentralen på Skei!
I dag hadde Todalen Sokneråd invitert til gudsteneste i Todalen kyrkje, og det vart ei innhaldsrik gudsteneste med rundt åtti frammøtte. Det var barnedåp, presentasjon av neste års konfirmantar og presentasjon av 50-årskonfirmantjubilantane, altså dei som vart konfirmert våren 1973.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag skal feire at fjelltursesongen no er over. Dette gjer dei med å invitere alle som har vore med på minst ein av Fjellgruppa sine turar til middag på Hammerstuene onsdag 1.november klokka 19:00.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går tnkt å sesongavslutte med tur til Øygardshalsen, men på grunn av vegarbeid på skogsvegen, måtte dei endre turmålet.
Svorka kan no tilby to forskjellege billadarmodellar til heimelading, ferdig montert i heime hos deg, på hytta eller fritidsbustaden. EMES og Zaptec held det dei lovar, dei lader trygt og enkelt heime og er designa for norske forhold. Aktiverer aktiverer ei smartlading i Svorka-appen sparer ein også penger ved å lade når straumprisen er lågast. På dagar der det er stor variasjon i straumprisane kan det vere ein del å spare på dette stadfestar Yngve Mogstad Høivik, salgs- og kundebehandlar i Svorka.
Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.
I går kveld hadde Todalen Idrettslag invitert ungdommane til medlemsmøte for å diskutere drifta av det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion. Og på møtet kom ungdomane med ønske om driftsform og framtidige aktivitetar dei ønsker i det nye aktivitetsrommet.
Torsdag 5. oktober klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til sesongavslutning, med stavgangtur stavgang tur til Øygardshalsen. Oppmøte og parkering på Vang skisenter.
Laurdag 7. oktober klokka 19:00 er det duka for «damenes aften» i Todalen ungdomshus. Komiteen opplyser at arrangementet har fått god mottaking, og at mange allereie har meldt seg på, men det er framleis plass til enda fleire fortel dei.