Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Medlemsmøte for ungdommane i Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. oktober 2023

I går kveld hadde Todalen Idrettslag invitert ungdommane til medlemsmøte for å diskutere drifta av det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion. Og på møtet kom ungdomane med ønske om driftsform og framtidige aktivitetar dei ønsker i det nye aktivitetsrommet. 

Ungdommane ønska at det nye aktivitetsrommet, i første omgang blir ope torsdagar frå klokka 18:00 – 20:00. Elles vart det frå idrettslaget si side opna for at ungdommane sjølv kan bli samde om ekstra opningstid når dei har lyst. Det er ungdommane sjølv som er ansvarleg for å halde orden i rommet, og hente og levere nøkkel før og etter bruk. 

Det kom også fram at dei ønsker seg brettspel i rommet, og noko å lagre desse i. Då er det nokon som har eit skåp, skjenk hylle eller brettspel dei vil gje bort til det nye aktivitetsrommet, så er det berre å ta kontakt med leiar i Todalen IL, Elinor Bolme på telefon 901 96 268. 

Publisert: 3. oktober 2023, 06:49