Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Temakveld: Hus på setrene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 4. oktober 2023

Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.

Setring har lange tradisjonar i vårt område, og har vore av særs viktig for livsgrunnlaget opp gjennom tida.

Stangvik Historielag står for programmet, og vil gje eit innblikk i husa på setrene, korleis husa var plasser, korleis dei var bygd og innreidd. 

Dette får ein altså vite meir om, gjennom eit innlegg med foto og forteljing under temakvelden. 

Etterpå blir det sosial prat med kaffe og noko å bite i!

Det blir også høve til å besøke museumsutstillingane for den som ønsker det.

NB: På grunn av asfaltering på Eidet må ein rekne med ekstra køyretid til Åsen.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. oktober 2023, 07:00