OPPDATERT! – Kveldens G9/10 kamp er utsett!
Kveldens planlagde kamp på Bordholmen mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G 9 er utsett til måndag 28.september kl. 18:00.
Vi fann 2514 artiklar i dette arkivet.
Kveldens planlagde kamp på Bordholmen mellom Søya/Todalen G9/10 – Surnadal G 9 er utsett til måndag 28.september kl. 18:00.
Todalen Idrettslag har investert i ein heilt ny tilhengar for å kunne utføre transport av laget sitt utstyr og materiell mellom dei mange anlegg sine og andre stadar. Tidlegare har laget vore avhengig av å låne tilhengar til alle transportoppdrag, men no blir dei altså sjølvberga på dette området. Saman med kjøpet av tilhengaren har Idrettslaget og kjøpt lastesikringsutstyr og presenning for at transporten skal vere sikker. Om nokon treng å leige tilhengar, så er det berre å ta kontakt med Lars Stensby. Prisar og kontaktinformasjon lenger nede i saka.
Søndag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag sin 5.kamp på 8 dagar. Kampen vart spela på Søyabanen og motstandar var Molde J12 2. Vêret var ganske bra heilt til siste halvdel av andre omgang, men då hadde vêrgudane bestemt seg for å opne slusene på vidt gap.
Neste veke er det ikkje mindre enn tre fotballkampar på Bordholmen stadion. På måndag er det G9/10 kamp, torsdag er det J9/10 kamp og på laurdag er det G12 kamp. Det vil bli open kiosk på alle kampane med sal av m.a. bakels med graut.
Laurdag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag kamp mot Midsund J12 på Alvundfjord stadion. Det var gode speleforhold og til og med sola kika så vidt fram under kampen.
I ei felles pressemelding onsdag denne veka orienterte ALTI Forvaltning AS i Surnadal og Falksenteret Eiendom AS som eig Falksenteret kjøpesenter på Kyrksæterøra om at dei hadde underteikna ein forvaltningsavtale som inneber at ALTI Forvaltning AS i Surnadal overtek forvaltninga av Falksenteret.
I ei pressemelding frå ALTI og Berg Eiendom Levanger AS i dag kunngjer dei at eit selskap i ALTI, eigd av LL Holding frå Surnadal (75%) og Bigaio Holding AS frå Førde (25%) har kjøpt Magneten kjøpesenter på Levanger og 3 andre selskap. ALTI kjøper desse selskapa av Berg Eiendom AS på Levanger. Selskapa som er med i handelen er BE Moafjæra 14 AS (Magneten), BE Moafjæra 12 AS (Meny og Europris), BE Moafjæra 16 AS (Rema 1000 og Burger King) og Magneten Drift AS (driftsselskapet til BE Moafjæra 14 AS)
Torsdag kveld var siste friidrettskveld på Bordholmen denne sesongen. No attstår berre aktivitetsdagen på Tjønnmyra for å sette det enelege punktumet for sesongen. Aktivitetsdagen vil bli ein av dei første søndagane. Meir info om dette kjem seinare.
Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal har hatt nettbasert årsmøte i dag. Dette som ein direkte konsekvens av Koronasituasjonen. Delegatane frå heile fylket deltok på møtet via nett. På møtet vart utflytta todaling Gjermund Øysteinsson Moe vald til nestleiar for dei komande 2,5 åra.
Frå Steinar Hasselø ved Surnadal kino har vi fått følgjande melding:
Onsdag tok Søya/Todalen sitt J9/10 lag turen til Grøa stadion for å spele kamp mot Grøa. Kampen vart spela i det som må kallast «ekte nordmørsk» septembervêr, regn og litt vind.
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag informerer om at det i morgon kveld kl. 17:30 blir siste kveld med friidrett på Bordholmen denne sesongen.