Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Midsund J12

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. september 2020

Laurdag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag kamp mot Midsund J12 på Alvundfjord stadion. Det var gode speleforhold og til og med sola kika så vidt fram under kampen. 

Første omgang var i starten jamspelt, men det var likevel bortelaget som fekk dei to første måla. Men heimelaget «henta» seg inn att og klarte å utlikne. Mot slutten av omgangen klarte bortelaget å tilrive seg eit spelemessig overtak att og kunne gå til pause med ei leiing. 

I andre omgang var det bortelaget som stort sett førte banespelet, men heimelaget hadde sine periodar der dei var fullt på høgde spelemessig. Det vart ein ganske klar bortesiger til slutt.

Likevel har eit ungt heimelag utvikla seg positivt både spelemessig og fysisk sidan sesongens første kamp. No attstår det berre to heimekampar for laget denne sesongen, i morgon og tysdag. 

Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sine mål vart scora av Eline S. Polden 2 og Mia V. Hansen 1.

Desse spela dagens kamp: Solveig Andersen, Marte Kvande, Mia V. Hansen, Nathalie M. Fiske, Tora Mo, Nicole Nordvik, Mali Foss og Ingrid E. Øverås. 

Søya/Todalen-Kvass Ulvungen har ny kamp allereie i morgon på Søyabanen kl. 12:00 mot Molde 2.

Takk til Gunnar Nordvik for bilete og Leif Magne Andersen for info frå kampen.  

Først publisert: 19. september 2020, 13:25 - Sist oppdatert: 26. september 2020, 06:21