Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste friidrettskveld denne sesongen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. september 2020

Torsdag kveld var siste friidrettskveld på Bordholmen denne sesongen. No attstår berre aktivitetsdagen på Tjønnmyra for å sette det enelege punktumet for sesongen. Aktivitetsdagen vil bli ein av dei første søndagane. Meir info om dette kjem seinare. 

Heile 16 ungar hadde møtt opp for å vere med på friidrett i kveld. Det var ny rekord denne sesongen. Første øving var lengde med tilløp. 

Martine med eit langt hopp. Foto: B G Ansnes

Etterpå var det lengde utan tilløp, før det var klart for å kaste liten ball. Mange har verkeleg fått taket på dette gjennom sesongen, så det vart mange lange kast før alle hadde fått kasta to gonger. 

Gjengen klar til å kaste liten ball. Foto: B G Ansnes

Etterpå vart det 60-meter springing. Gjennom sesongen har mange sett mange personlege rekordar, ikkje berre i springing, men i alle øvingar. Så det syner at øving gjer meister!

Klar, ferdig, gå. Gunnar er startar. Foto B G Ansnes

Kvelden vart avslutta med 400-meter springing. Då blir det nokre månader med opphald for friidretten. Men Barne- og ungdomsgruppa håper det blir vêr både til  ski og skeiser før våren kjem. 

Barne- og ungdomsgruppa arrangert ti friidrettskveldar denne sesongen. Både oppmøte og vêret har vore varierande, men det viktigaste er at dei som har vore med har hatt det artig. Koronasituasjonen har sjølvsagt påverka friidrettskveldane òg. Det har denne sesongen ikkje vore mogleg å servere frukt etter at alle øvingane har vore ferdige, slik som det har vore dei siste åra. Dette på grunn av restriksjonane som gjeld. Så då blir neste arrangement aktivitetsdagen på Tjønnmyra. Informasjon om den kjem som tidlegare sagt seinare. 

Søndag 25.oktober kl. 15:00 er det Trim- og friidrettsbasar i Todalen ungdomshus. Her vil alle som har vore med på friidrett i år og «Barn i løypa» i 2019/20 få sine premiar. Nedanfor finn du nokre fleire bilete frå kveldens friidrett på Bordholmen. 

Publisert: 17. september 2020, 19:03