Lokal optimisme i Surnadal – nytt næringslivsmagasin set nye rekordar
Eit nytt næringslivsmagasin for Surnadal er på veg ut i postkassane i desse dagar. Og i denne nye vinterutgåva så er det ingen tvil, Surnadalsbedriftene har god tru på framtida.
Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.
Eit nytt næringslivsmagasin for Surnadal er på veg ut i postkassane i desse dagar. Og i denne nye vinterutgåva så er det ingen tvil, Surnadalsbedriftene har god tru på framtida.
Julekonserten «Julefryd» med Nidarosdomens jentekor, TrondheimSolistene og
Astrid Norstad 6.desember klokka 14:00, blir flytta frå Stangvik kyrkje til Surnadal kulturhus. Grunnen til flyttinga er regelen om fastmonterte sete.
«Mank» er godt mogleg filmen som vil vinne Oscar i år? Filmen handlar om opphavet til det som blir rekna som «verdas beste film», «Citizen Kane» – sjølv om den i si tid berre vann ein Oscar, nemleg for beste manus.
Anleggsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, fortel at løypetraseen no er tråkka, men at det ikkje er køyrt på spor endå. Grunnen til dette er at det ikkje er nok snø endå til å gjere det, men det er snø i heile traseen og fine forhold for ein skitur.
Kriseleiinga i Surnadal kommune, gjorde på sitt siste møte, nokre justeringarav i lokale råd og konkretiseringar av nasjonale tiltak. Dette er justeringar av dei tidlegare råda kriseleiinga gjekk ut med tidlegare i november.
På Surnadal eldreråd sitt møte i dag, fekk Surnadal Røde Kors si besøkstjeneste overrekt Eldrearbidsprisen for 2020. Det var ordførar Margrethe Svinvik som delte ut prisen, på vegne av eldrerådet. Dette var 10.gongen prisen vart delt ut.
Laurdag 28.november klokka 17:00 tenner Todalen Grendalag den, etter kvart, tradisjonelle julegata si mellom Matkroken og Talgø, og på Talgø. Den planlagde julemarknaden må dessverre avlystast. Dette på grunn av Koronasituasjonen.
Frå klokka 11:30 er det normal drift att på sambandet Kvanne – Rykkjem. Etter å ha vore innstilt i to periodar, i morgontimane og på føremiddagen i dag, er det altså no normal drift att i sambandet. Fjord1 presiserer likevel at sambandet kan bli innstilt att på kort varsel. Så her må ein berre følge med!
Vi har fått advarsel om eit stort stygt hål i vegbanen på Halanesvegen, rett på oversida av Ramsøya, på høgersida av vegen på tur innover. Så skal du køyre innover Halanesvegen, så kan det vere lurt å ta det litt med ro her.
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok på sitt møte 9.november i år nye takstreglar for reiser med buss og hurtigbåt. Dei nye takstreglane trer i kraft 1.juanuar 2021, og inneber nokre vesentlege endringar for dei som reiser med buss, endringar det kan vere greitt å kjenne til.
Ferjerute 46: Kvanne – Rykkjem vil vere ute av drift i tidsrommet mellom klokka 16:00 – 17:30 i dag 20.november melder Fjord1. Vi har ikkje fått opplyst kva som er grunnen til innstillinga.
Tysdag 24.november klokka 18:00 startar Surnadal Jeger og Fiskeforening oppatt med innandørsskyting på Angråmyra skytebane. Skytinga vil gå føre seg på Surnadal Skyttarlag sin nyrenoverte innandørsbane på Angråmyra skytebane, og avstanden det blir skote på er 15 meter.