Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2403 artiklar i dette arkivet.


«Stjernemateriale» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. oktober 2020

Måndag 19.oktober klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med den lattervekkande teaterkonserten «Stjernemateriale», som etter førehandsomtalen har gjeve mange av dei besøkande»gåsehudfaktor». 


Nedetid på internenettet natt til fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. oktober 2020

Svorka melder at nettet (internett via fiber) vil vere nede i fleire korte periodar i tidsrommet 00:00 – 01:00 fredag 16.oktober. TV-signala skal derimot fungere som normalt heiter det i ei melding frå Svorka. 


Start 4H – Planlegging av haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. oktober 2020

Start 4H er i planleggingsfasen av årets haustfesta. Koronasituasjonen og dei gjeldande smitteverntiltaka gjer at det ikkje er mogleg å gjennomføre haustfest på tradisjonell måte, så det blir i år ei alternativ haustfest der ein legg opp til eit utearrangement, men at det vil bli høve til å få sjå utstillingane innandørs i Skulstuå. 


Sesongens nest siste kamp

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. oktober 2020

Tysdag kveld drog Søya/Todalen sitt G12 lag til Eidsvåg for å spele sesongens nest siste kamp. Kampen var mot Eidsvåg G12 og vart spela på Eidsvåg kunstgress. 


Gudsteneste med hausttakkefest

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. oktober 2020

Søndag var det gudsteneste med hausttakkefest i Todalen kyrkje. Neste års konfirmantar var med og delte ut salmebøker og las herrens bøn. 50-årsjubilantane var invitert og Start 4H stod for pyntinga i kyrkja denne søndagen. Dagens tekst hadde liturg Kristin Strand henga frå Lukasevangeliet kapittel 12.  Start 4H var ansvarleg for pyntinga av kyrkja til […]


Fin og triveleg jubileumsfest for 50-årskonfirmantane

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. oktober 2020

Laurdag kveld var det fest for å feire dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1970. Festa var i Todalen ungdomshus og  7 av dei 10 som vart konfirmert, av dåverande sokneprest Karl Kristian Jacobsen våren 1970, hadde teke turen for å vere med på jubileumsfeiringa. Sjølv om dei gjeldande smittevernreglane i samband med Koronasituasjonen inneber strenge restriksjonar, greidde Todalen sokneråd å lage ei fin og triveleg jubileumsfest for 50-årskonfirmantane og dei andre frammøtte òg i år. 


Leif Arne Ness – Lidenskapen som vart levebrød

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. oktober 2020

Leif Arne Ness (51) frå Bjørnrud i Todalen har gjort lidenskapen sin til levebrød. Han har heile livet vore lidenskapeleg interessert i fotball, og dei siste 5 åra er lidenskapen òg levebrødet hans. Leif Arne er nemleg heiltidstilsett materialforvaltar/lagleiar i Eliteserieklubben Sandefjord Fotball. Spelarkarriæra til Leif Arne var over i 2006, no er det dei to sønene Ulrich 24 år (Eidsvoll Turn 2.divisjon) og Fabian 21 år (Grorud i OBOS-ligaen) som er aktive spelarar. Sjølv om Leif Arne ikkje har budd i Todalen på 25 år, så er han todaling «på sin hals», og tek turen «heim» til Nygården så ofte han kan. Han er og heilt klar på at han skal flytte «heim att» når yrkeskarriera er over. 


AVLYSER Kyrkjekonserten med Åge og TrondheimSolistane

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. oktober 2020

I eit presseskriv frå Laget Vårsøg opplyser dei at konserten med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistane den 7.november i Stangvik kyrkje blir avslyst. Avlysinga er ein direkte konsekvens av dei gjeldande smittevernsrestriksjonane i samband med Koronasituasjonen. 


Fellesskapskveld på Kyrkjelydshuset 15.oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. oktober 2020

Torsdag 15.oktober klokka 19:00 – 20:30 inviterer Kyrkja i Surnadal til Fellesskapskveld i 1.etasjen på Kyrkjelydshuset i Surnadal. Det blir enkel servering og sosialt samvær etter at kveldens program er ferdig. 


Franklind opptrer på Øra Kafe laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. oktober 2020

Førstkomande laurdag opptrer duoen Franklind (Linda og Frank sPoon Botten) på Øra Kafe på Sunndalsøra. Det heile tek til klokka 21:00 og er ferdig slik at alle som tek turen skal ha god tid til å nå siste ferga på Rykkjem. Linda og Frank kjem frå Surnadal. Linda, er som mange av oss kjenner til, «halv» todaling, då mor hennar har vokse opp på Sandstad. 


Premierar og ekstraframsyningar ved Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. oktober 2020

Det går så det «susar» på Surnadal kino fortida med fulle hus, opplyser Steinar Hasselø frå kinoen. Dette gjer at dei fredag 9.oktober kl. 13:00 og søndag 11.oktober kl. 14:00 har vald å sette opp ekstraframsyningar av den populære animasjonsfilmen Knutsen og Ludviksen – Det store dyret. 


Utlevering av nøkkelkort – Hett og Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. oktober 2020

Som vi tidlegare har omtala her på Todalen.no, så blir det frå og med måndag 12.oktober ein forsiktig gjenopning av Hett og Svett. På fredag 9.oktober mellom klokka 17:00 – 17:30 vil personell frå Todalen Idrettslag vere på Hett og Svett for å dele ut nøkkelkort for den som er interessert.