Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tjuandedag-Knut – jula jagar ut!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 14. januar 2021

Tjuandedag jul, òg kjent som Knutsdag, har i fleire hundreår markert den absolutte slutten på julefeiringa i dei nordiske landa. Dagen er oppkalla etter den danske prinsen Knut Lavard, som i 1131 vart drepen av bror sin, Magnus Nilsson, som var valt til svensk konge i Västergötland. I 1169 vart Knut Lavard oppteken som helgen, av paven i Roma, altså 38 år etter at han vart drepen. Heldigvis var nedrigginga av Todalen Grendalag si julegate heilt utan drama og gjekk føre seg i fredelege former, sjølv om både kalenderen og gradestokken viste 13!

Nedrigginga i full gang. F.v. Karin H. Halle, Jo Gjeldnes (i korga) og Jostein Bruset. Torkjel A. Moe køyrer trucken med presisjon. Foto: B G Ansnes

Onsdag kveld vart altså Todalen grendalag si, etter kvart, tradisjonelle julegate mellom Matkroken og Talgø rigga ned. Det var styret i Grendalaget forsterka med Jo Gjeldnes og Torkjel A. Moe som stod for nedrigginga. Gjengen har etter kvart opparbeidd gode rutiner for både opp- og nedrigging av julegata, så nedrigginga vart unnagjort på ein knapp time. Etterpå varta handelsmann Nordvik opp med Kaffe og Berlinerbollar i kaffekroken. Og varm kaffe gjorde godt etter ein knapp time ute i det kalde vintervêret, der gradestokken viste tosifra tal med kuldegrader. 

Stjerner og lys på Hett & Svett blir sløkt. Foto: B G Ansnes

Da blir det litt vedlikehaldsarbeid på lys, kablar og anna utstyr, slik at alt er klart til slutten av november og ny rigging av julegata. 

Øystein Mo grev fram kablane frå snøen. Foto: B G Ansnes

 

Først publisert: 14. januar 2021, 06:45 - Sist oppdatert: 24. januar 2021, 08:26