Todalen Idrettslag – Innkalling til årsmøte
Våren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars.
Vi fann 2324 artiklar i dette arkivet.
Våren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars.
Søndag 28.februar klokken 14:30 er det duka for årets første gudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av dei nasjonale smittevernreglane, som vart innført 4.jaunuar, har det ikkje vore mogleg å arrangere gudstenester før no. Todalen sokneråd er difor glad for å kunne invitere til gudsteneste att.
No frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song.
Surnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga.
I samband med vinterferien neste veke, har Surnadal kino sett opp seks ekstra framsyningar. Framsyningane vil vere både på dag- og kveldstid. Allereie i kveld er det premiere på filmen «Wonder Woman 1984», som er ein film der premieren har vore utsett gong på gong, men som no altså endeleg får premiere.
Leif Arne «Laffen» Ness (52) frå Bjørnrud i Todalen er materialforvaltar i Sandefjort Fotball som spelar i Eliteserien. Vi hadde eit intervju med Leif Arne i oktober 2020, eit intervju du kan lese her: Lidenskapen som vart levebrød No har SFTV ved Tore Holden og Simen Hem laga eit portrettintervju med Leif Arne.
Som vi skreiv i ei sak sist fredag, så går Svorka no altså over frå Telenor til Telia som sin TV-leverandør. I ei pressemelding frå Svorka no i dag får du litt meir informasjon om kva denne overgangen inneber for deg som TV-kunde. Her er det og informasjon som skal gjere denne overgangen så smidig som mogleg for deg som kunde.
I kveld var det eit par blå grader og fine forhold for skigåing, da Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe arrangerte sesongens sjuande «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyre. Det er snart 10 år sidan lysløypa på Tjønnmyra vart ferdigbygd og opna, men det har aldri tidlegare vore ein så lang samanhengande periode med fine forhold som denne etterjulsvinteren. Todalen Idrettslag sitt driftsstyre vinteranlegg har lagt ned ein stor innsats med å preparere traseane og spora gjennom heile perioden.
NVE melder gjennom varslingstenesta varsom.no om stor snøskredfare i Trollheimen torsdag 18.februar. Faregraden er sett til 4 – for regionen Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre. På fredag ser det ut til at faregraden går litt ned att, men skal du på tur rett før helga, eller i helga, kan det nok vere lurt å følgje med på Varsom.no før du vel turmål. Grunnen til at det er så stor snøskredfare no, er eit svakt snølag høgt i snødekket. Dette gjer at det er stor fare for å utløyse snøskred.
Koronavaksineringa er godt i gang med prioriteringsgruppe 3 kor vi no vaksinerer personar på 80 år. Grunna begrensa tilgang på vaksiner blir det i neste veke eit kort opphald i vaksinering av nye personar i denne gruppa.
«Organisten vår», Ronny Kjøsen er ein av fire nominerte til Spellemannsprisen i klassen Folkemusikk/tradisjonsmusikk for 2020. Spellemannsprisane for 2020 blir delt ut under eit TV-sendt (NRK) musikkshow fredag 16.april. Kjøsen er nominert for CD-en BoneBohem som han gav ut i 2020. Tittelen på CD-ymtar om at Kjøsen i mange år har vore mjølkebonde. Kjøsen er i dag busett på Rindalsskogen og er organist i Todalen, Stangvik og Åsskard sokn.
I dag var det stor aktivitet på skeiseisen på Bordholmen i «mildvèret», ja mildvèr samanlikna med temperaturen som har vore dei siste vekene vel og merke! Men ikkje for det, aktivitetet har vore stor heile tida, sjølv om gradestokken har vist ned mot -15-18 grader i lang tid. Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe gjer ein kjempeinnsats for å halde skeiseisen på Bordholmen stadion i tipp-topp stand.