Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med setervandring i Søyådalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

Etter plana skulle Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Fauskåvatnet, men dei hadde ikkje vêrgudane på si side i går, så det vart setervandring i Søyådalen i staden, og det var langt i frå noko dårlegare alternativ, kunne dei 11 deltakarane fortelje etter turen. 

Start på setervandringa. Foto: Anne V. Einum

Anne V. Einum kan fortelje dette om turen: – På grunn av veret, vart det ein litt annan tur enn den planlagte turen til Fauskåvatnet. Men setervandring i Søyådalen vart langt ifrå noko dårlegare alternativ. 

Setervandring i Søyådalen. Foto: Anne V. Einum

– Den «lommekjente» Mary Røen, guida oss på ein svært så interessant tur gjennom seterdalen. 

Kjentmann Tor Asle ved Holtasetra. Foto: Anne V. Einum

– Vi var 8 kvinnfolk og 3 karar som trossa veret. Så det er nok blant «det svake kjønn» ein finn hardhausar!

Guiden Mary ut frå kaffistund i høyløa. Foto: Anne V. Einum

– Frå enden på bilvegen i Søyådalen starta vi vandringa på austsida av Søyåa. Det er impnerande stor vassføring i elva no. Og fleire plassar rann det bekk over seterveg og stig. Så stor utfordring for dei utan støvlar!

Bekk over setervegen. Foto: Anne V. Einum

– Etter å ha passert Holtasetra og Klokkargardssetra, gjekk turen over Søyåa, på ei smal spinkel bru. Litt skummelt, men tøffe er vi!

Over flomstore Søyåa. Foto: Anne V. Einum

– Turen tilbake gjekk forbi setrer og hytter på vestsida av elva. Det var godt å krype inn i den gamle høyløa på Mellingsetra og få i seg kaffi og niste. 

Godt med kaffi og niste i høyløa. Foto: Anne V. Einum

– Vi var samde om at «dårleg ver» er inga hindring for fin turoppleving, avsluttar Anne. V. Einum. 

Nedanfor kan du sjå fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går:

Publisert: 16. juni 2021, 05:50