Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Grendalag – årsmøtet vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

I kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag i Todalen ungdomshus. Som for alle andre, har aktiviteten i grendalaget vore sterkt påverka av koronasituasjonen. Men litt aktivitet har det likevel vore i året som gjekk. Badeplassen ved småbåthamna har vore stelt og, den etter kvart tradisjonelle julegata, vart rigga i slutten av november. 

Årsmeldinga for 2020 vart samrøystes vedteken. Rekneskapen viser eit lite underskot, som skuldast bortfall av intekter frå julebord og julegatetenning. 

Elles har grendalaget vore med i prosjektgruppa «Innfallsport Trollheimen», der arbeidet i prosjektgruppa no tek til å synast gjennom at informasjonsskilta har kome opp. Det er òg igangsett elsykkelutleige gjennom dette prosjektet, som grendalaget driftar 

Siste post på saklista var val. Dei to kvinnelege styremedlemmene, Karin Halle og Anne Grete Stokke, takka for seg i styret. Julia Halle og Ragnhild Ansnes Moe kom inn som nye styremedlemmer. Styret i grendalaget ser etter valet slik ut:

  • Leiar: Bjørn Gunnar Ansnes, valt for 1 år
  • Nestleiar: Julia Halle, ny, valt for 2 år
  • Kasserar: Jostein Bruset, ikkje på val
  • Sekretær: Ragnhild Ansnes Moe, ny, valt for 2 år
  • Styremedlem: Øystein Moe, ikkje på val

 

  • 1.vara: Ola Haugen Ansnes, valt for 2 år
  • Jo Gjeldnes, ikkje på val

 

  • Leiar i valnemnda: Ola Dalsegg
  • Medlem i valnemnda: Finn Ranes
Publisert: 16. juni 2021, 20:17