Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innfallsport Trollheimen – informasjonsskilta på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. juni 2021

Den siste veka har folk frå Mesta i Surnadal arbeidd med å sette opp informasjonsskilta som er laga i samband med prosjektet «Innfallsport Trollehimen». Det er no sett opp informasjonsskilt på seks stadar, frå Haugen vegkryss og opp til Kårvatn, med tilpassa informasjon på alle skilta. Skilta er sett opp på Haugen vegkryss, i Svinvika, ved rasteplassen i Stranda, ved Matkroken Todalen, på Bønnavollan (der Toåa tursti tek til) og på Kårvatn. 

Petter Moen frå Mesta i ferd med å losse dei ferdigstøypte fundamenta. Foto: B G Ansnes

På førre tysdag var Petter Moen i full gang med å køyre ut dei ferdigstøypte fundamenta som skal gravast ned og vere fundament for skiltstativa. Desse fundamenta vart i dagane etter grovne ned og pakka rundt med pukk. Så vart beslaga som informasjonsskilta skulle monterast på, skrudd fast, før det vart teke på singel på toppen. Til slutt vart informasjonsskilta skrudd fast på sokkelen. Informasjonsskilta er laga i spesialstål, og er tunge, så dei treng godt og solid fundamentering. 

Store fundament som skal gravast ned for å halde infoskilta. Foto: B G Ansnes

Måndag vart fundamenta grovne ned ved Matkroken Todalen. Det går to kablar på staden der det skulle gravast for å få fundamenta i jorda. Difor var Per Ivar Østbø frå Svorka på plass for å påvise kablane. 

Birger Moen, frå Mesta i Surnadal gjer klart til fundamentering. Foto: B G Ansnes

Birger Moen og Petter Moen frå Mesta i Surnadal utførte grave- og monteringsarbeidet av informasjonsskilta. Det eine skiltet som skal stå på Matkroken Todalen er ikkje ferdig enda, men vil kome opp i løpet av kort tid. 

Da er alt klart til å ta i mot turistane som kjem, og gje dei god og oppdatert informasjon om Todalen og Trollheimen. 

Nedanfor nokre bilete til av dei nye informasjonsskilta:

Publisert: 16. juni 2021, 10:12