Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2521 artiklar i dette arkivet.


«Team hit and hope» til topps på Mo

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. september 2021

«Team hit and hope» med Rune Lønnum og Kari Lise Kongshaug frå Kristiansund og Omegn Golfklubb gjekk til topps i «Svorka Mini Maraton 2021». Det var Surnadal Golfklubb som stod som arrangør av turneringa på Surnadal golfpark på Mo laurdag. Turneringa var ei såkalla parturnering og vart spela 3 rundar av 9 hål. 


Kl 11: Gudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. september 2021

Todalen sokneråd fortel at det blir gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 12.september klokka 11:00. Liturg er Cathrine Grutle og Ronny Kjøsen er organist. Under gudstenesta vil det bli presentasjon av neste års konfirmantar i Todalen kyrkje.


To med folkeregistrert adresse i Surnadal kommune smitta

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. september 2021

To personar med folkeregistrert adresse i Surnadal kommune, har fått påvist koronasmitte. Båe oppheld seg for tida på andre stadar i landet, og blir tekne hand om av helsevesenet der dei oppheld seg, opplyser kommuneoverlege i Surnadal kommune, Bjørn Buan til Driva. 


God kamp i regnvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. september 2021

Ein kan trygt seie at vêrgudane ikkje var i «godlune» da Søya/Todalen J10 tok i mot Frei J10 på Søyabanen torsdag kveld. Men vêret såg absolutt ikkje til å påverke verken spelet eller innsatsen, så det vart ein jamn og god kamp med høg intensitet og innsats. Rapportane seier at kampen var årsbeste for heimelaget sin del!


Bli med Fjellgruppa til Åsbøsnyta!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. september 2021

Tysdag 7.september blir det bra vêr (?), og da tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Åsbøsnyta. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Nordvik. Herifrå følgjer dei skogsvegen til lunneplassen. Frå lunneplassen og oppover er det grei sti heilt


Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. september 2021

Er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til […]


Fjellgruppa på tur til Vaulen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. september 2021

I går var Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Vaulen. – Det var det vi med eit pent ord kan kalla duskregn da vi møttes på parkeringsplassen, men ingen sure miner, fortel Kristian Ranes. – Alle var programmerte for Vaulen, fortsett han.


«Svorka Mini Maraton» i golf laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. august 2021

Laurdag 4.september klokka arrangerer Surnadal Golfklubb «Svorka Mini Maraton» i golf på Surnadal golfpark på Mo. Turneringa går over tre gonger ni hål, og er ei parturnering. Premieutdeling i turneringa er klokka 17:00. Turneringa er fullbooka, noko som betyr 52 (26 par) deltakarar, kan Knut Haugen i arrangementskomiteen fortelje.  


Haustens første gardsutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. august 2021

Fredag 3.september mellom klokka 12:00 – 17:00 blir det ope gardsutsal hos Lia gard. Førehandsbestilling av skulebollar og/eller grovbrød innan onsdag 1.september klokka 18:00. Følg Lia gard på Facebook: «Lia gard på Facebook»

Denne gongen kan Lia gard freiste med: 


Søyacupen 2021 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 29. august 2021

Søyacupen 2021 vart ein suksess på alle måtar. Fint vêr, mykje folk, stor innsats frå alle spelarane, god mat og eit velorganisert arrangement, bidro til suksessen. Årets utgåve av Søyacupen hadde 57 påmeldte lag og rundt 400 spelarar kosa seg i godveret. 


Kyrkjegardsdugnaden vel i hamn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. august 2021

I går kveld arrangerte Todalen sokneråd og slåttagjengen på kyrkjegarden dugnad på kyrkjegarden. Så no er kyrkjegarden ny slått og klar til helgas konfirmasjonsgudsteneste og hausten som kjem. Graskløpparen heldt akkurat ut, så no må den inn på service for å gjerast klar til neste år. Med andre ord, god timing!


Fjellgruppa til Vaulen tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. august 2021

Tysdag 31.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Vaulen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Solåsvatnet. Derifrå er det omlag ein times mars i lett terreng inn til Vaulen.