Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. september 2021

Er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal, ein onsdag i månaden fram til jul. 

Felles middag på kyrkjelydshuset vil bli arrangert i tidsrommet 16:00 – 16:45 desse onsdagane:

  • 8.september
  • 6.oktober
  • 3.november
  • 1.desember

Dørene opnar klokka 15:30 og middagen blir servert klokka 16:00. Frå klokka 17:00 vil det vere aktivitetar for borna, medan dei vaksne kan sitje rundt borda, ta ein kaffi og prate saman. Treffet blir avslutta med eit kort treff!

Pris per person er kr. 50, – for vaksne og gratis for born opp til 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps.

Påmelding kan gjerast ved ringe eller å send SMS med antall personar til Elsa Jensvold på mobil 995 18 162 innan måndagen før, det vil seie måndagane 6.9, 4.10, 1.11. og 29.11.

Alle er hjarteleg velkomne!

Heile invitasjonen kan du lese her: «Felles middag»

Publisert: 2. september 2021, 12:24