Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søyacupen 2021 vart ein suksess

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 29. august 2021

Søyacupen 2021 vart ein suksess på alle måtar. Fint vêr, mykje folk, stor innsats frå alle spelarane, god mat og eit velorganisert arrangement, bidro til suksessen. Årets utgåve av Søyacupen hadde 57 påmeldte lag og rundt 400 spelarar kosa seg i godveret. 

Søyacupen vart i år arrangert for aldersgruppa 6 – 11 år. I utgangspunktet var og 12-åringane invitert, men berre eitt lag meldte seg på innan fristen, noko som gjorde at det ikkje vart tilbod til 12-åringane i år, fortel ansvarleg for sekretariatet, Jens Nervik. 

Sekretariatet for årets Søyacup hadde full kontroll! Foto: B G Ansnes

Alle laga fekk minst tre kampar kvar, og kampoppsettet, var på beste måte, sett opp slik at det skulle gje så jamne kampar som mogleg. 6 og 7-åringane spela treerfotball med vant, medan 8 og 9-åringane spela femmerfotball og dei eldste sjuerfotball. Det var stor innsats og mykje godt spel i dei mange kampane under årets utgåve av Søyacupen. Alle spelarane fekk premie etter siste kamp, og i år var premien ein «matnyttig» premie, nemleg ein matboks!

Mangeårig Speaker, Magne Hansen, hadde kontroll på det meste under Søyacupen. Foto: B G Ansnes

Magne Hansen var, som vanleg, speaker og heldt full kontroll på banefordeling, kampar og ikkje minst tida for avspark, pause og slutt. 

Mykje folk på årets utgåve av Søyacupen. Foto: B G Ansnes

I kioskane gjekk salet stålande. Salet var mykje betre enn venta, så nye forsyningar måtte leverast frå Matkroken Todalen under vegs. Grilljengen rapporterer òg om godt sal og mange positive tilbakemeldingar på maten!

Salet gjekk strykande, og nye forsyningar frå Matkroken Todalen vart levert! Foto: B G Ansnes

Da kan vi konkludere med at årets Søyacup vart ein stor suksess! Nedanfor finn du nokre bilete til frå dagens Søyacup:

Publisert: 29. august 2021, 16:42