Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

God kamp i regnvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. september 2021

Ein kan trygt seie at vêrgudane ikkje var i «godlune» da Søya/Todalen J10 tok i mot Frei J10 på Søyabanen torsdag kveld. Men vêret såg absolutt ikkje til å påverke verken spelet eller innsatsen, så det vart ein jamn og god kamp med høg intensitet og innsats. Rapportane seier at kampen var årsbeste for heimelaget sin del!

Godt spel og stor innsats under heile kampen. Foto: I.L. Søya

Båe laga kjempa i alle duellar frå kampstart til dommaren bles i fløyta for siste gong. Dei frammøtte fekk sjå ein fartsfylt kamp med mykje godt spel, og to lag som ville vinne kampen. 

Bortelaget prøver å bygge opp eit angrep. Foto: I.L. Søya

Da dommaren bles av for full tid, hadde båe laga scora like mange mål, så da forstår vi at det var ein jamn kamp, der ingen av laga klarte å putte den avgjerande scoringa. 

Båe laga sa etter kampen at dei var nøgd med både resultat og ikkje minst innsatsen og spelet til jentene.  

Typisk haustvêr under kampen. Foto: I.L. Søya

Søya sitt lag:
Anna Vikan, Martine Telstad Øyen, Oda Helene Kvendset, Mia Kvande, Sigrid Nervik Grønnes, Natalie Astrid Brusethaug, Signe Stenberg, Svea Nes Kvande, Ingeborg Åsbø, Oda Solem Måøy og Idun Solem Måøy.
 
På I.L. Søya si Facebookside kan du sjå nokre videosnuttar frå kampen i går: «I.L. Søya på Facebook» 
Publisert: 3. september 2021, 09:51