Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2368 artiklar i dette arkivet.


Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. mars 2022

Det er akkurat no manuell dirigering med ledebil gjennom Svinviktunnelen. Vi har som vanleg ikkje fått informasjon om kva som er grunnen til dette, men det er lurt å legge inn litt ekstra tid, dersom ein skal nå ferge eller timeavtale. Vi har heller ikkje fått informasjon om kor lenge det vil vere manuell dirigering gjennom tunnelen.  


Tømmekalenderen for andre kvartal er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. mars 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for andre kvartal, inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Andre kvartal strekker seg frå 1. april – 30. juni. Tømmekalenderen for  tredje kvartal, vil bli lagt inn siste halvdel av juni månad. 


Felles middag onsdag 30. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. mars 2022

Onsdag 30. mars inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. mars 2022

Fredag 25. mars, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst så her er det «godsaker» både til måltid og kaffekos.  


«Bøy og tøy» i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. mars 2022

Torsdag 24. mars klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har med seg  fysioterapeut Lage som instruktør for «Bøy og tøy». 


Tennisbanen på Bordholmen klar til bruk

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. mars 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har i løpet av helga preparert og fiksa tennisbanen på Bordholmen stadion, slik at den no er klar til bruk. Ishockeyvanta er tekne ned og lagra i redskapshuset, og nettet har kome opp. Så da har sommaraktivitetane offisielt overteke for vinteraktivitetane. 


Elinor Bolme ny leiar i Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. mars 2022

I går kveld hadde Todalen Idrettslag kalla inn til årsmøte i Todalen ungdomshus. Nær 30 medlemmer hadde møtt opp for å vere med på behandlinga av årsmøtesakene. Elinor Bolme vart valt til ny leiar for idrettslaget, og overtok dermed stafettpinnen frå Michal K. Heimlund, som takka for seg. 


Todalen Idrettslag – årsmøtedokument

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. mars 2022

Todalen Idrettslag har årsmøte i Todalen ungdomshus i kveld klokka 19:00. I samband med dette har idrettslaget gjort årsmøtedokumenta tilgjengeleg digitalt. Her finn du fullstendig sakliste til årsmøtet samt årsmeldingane, rekneskap for 2021, innkomne forslag og budsjett for 2022. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. mars 2022

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 20. mars klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt bøe er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet via vipps 506908.


Fasteaksjonen 2022 – «Gi vann til den som trenger det mest»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. mars 2022

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Årets aksjon har fått namnet «Gi vann til dem som trenger det mest». Tysdag 5. april vil årets konfirmantar, saman med andre unge og vaksne, frå Surnadal og Rindal kommunar besøke alle husstandane med sine bøsser. Det er også mogleg å gje pengar via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493. 


Førpremiere på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. mars 2022

«Trøndersk dynamitt» til helga på Surnadal kino, med to eksplosive filmar. Alle hater Johan, men i Surnadal elskar dei visst nok Hallvar Witzø! I alle fall såpass overbevisande og nok til at filmbyrået har gjeve Surnadal kino førpremiere på filmen «Alle hater Johan». For Witzø har ei viss tilknyting til Surnadal, da han var assistentlærar på folkehøgskulen for nokre år sia. Han var den første norske regissøren som både har vore nominert til Oscar-pris og palmepris i Cannes – for to av sine kortfilmar. «Alle hater Johan» er langfilmdebuten til Witzø, og manuset er skrive av Erlend Loe.


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. mars 2022

Torsdag 17. marsk klokka 19:00 blir det årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen ungdomshus. I tillegg til vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, budsjett og val, legg styret fram to innkomne forslag som styret ønsker å få diskutert på årsmøtet.