Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storhaugen neste turmål for Fjellgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. mai 2022

Tysdag 24. mai inviterer, Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, til ny tur, og denne gongen til Storhaugen i Todalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30, for samkøyring til Todalen og parkering ved Todalshytta. Dei som bur slik at det er raskare å køyre direkte, gjer det! 

Frå appen trimpoeng – «På tur i Todalen»: – Turen til Storhaugen er ein rundtur som passar dei fleste. På turen ned att får du utsikt oppover bygda. Siste delen av turen går langs elva Toåa. Ved elvekanten er det ein triveleg rasteplass med gapahuk, bålplass og sandstrand. 

Den som vil kan laste ned appen «trimpoeng» og etterpå velge «På tur i Todalen», da kan ein registrere seg og få poeng for turen også!

Ta med det vanlege – gode sko, mat og drikke og godt humør!, oppfordrar Kristian Ranes i Fjellgruppa.   

Fjellgruppa ønsker alle vel møtt!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 20. mai 2022, 05:00