Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen J11 – Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. mai 2022

I kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen sitt J11 lag og Surnadal på Bordholmen stadion. Ulikt mange lokaloppgjer, så vart dette eit lokaloppgjer med mykje godt spel og mange scoringar. 

Bortelaget prøver seg, men blir ikkje scoring denne gongen. Foto: B G Ansnes

Første omgang var i starten jamspelt, med mykje godt spel, frå båe lag. Utover i omgangen overtok heimelaget meir og meir av banespelet. Dette resulterte i mange scoringar mot slutten av omgangen. Heimelaget kunne gå til pause med ei klar leiing. 

Og så var det heimelaget sin tur til å ha ein stor sjanse! Foto: B G Ansnes

I andre omgang jamna spelet seg meir ut, og båe lag spela seg fram til mange gode sjansar, men marginene framfor mål, var ikkje heilt på lag med nokon av laga. Andre omgang enda med uavgjort i målprotokollen, men med leiinga heimelaget hadde til pause, så vart det nok heimesiger. 

Mange hadde møtt opp for å sjå kampen, og dei fekk sjå ein god kamp. Foto: B G Ansnes

Det var ein velspelt kamp med mange fine kombinasjonar, som viste at mange av jentene har god fotballforståing. Det var ein underhaldande kamp for publikum med mange målsjansar, scoringar, og ikke minst mykje godt spel.  

Publisert: 18. mai 2022, 19:00