Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin nasjonaldagsfeiring med mykje folk i fint vårvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. mai 2022

I tradisjonen tru, så vart siste del av 17. maifeiringa i Todalen innleia med gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg Cathrine Grutle heldt festgudstenesta på nasjonaldagen, medan årets konfirmantar, Nora M. Kårvatn og Shan Allan Halle, las frå dagens tekst. Bernt G. Bøe var organist, og han spela også piano da P17-koret song til slutt under gudstenesta.

Liturg Cathrine Grutle, flankert av årets konfirmantar, Nora Kårvatn og Shan Allan Halle. Foto: B G Ansnes

John Moe, leiar i Todalen historielag, heldt ein kort tale ved krigsminnebautaen, der han minna oss på lidingane vårt folk vart utsett for under 2. verdskrig. Han tok også opp, og da spesielt med det tragiske bakteppet i Europa akkurat no, med krig i Ukraina, kor viktig det er å kjempe for fred og solidaritet både nasjonalt og internasjonalt.

Kransnedlegging ved krigsminnebautaen. Foto: B G Ansnes

Årets konfirmantar, på vegne av Todalen historielag og Surnadal kommune, la ned krans på krigsminnebautaen.

Årets 17. maitog var av dei lengste på mange år. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter det offisielle programmet i og utanfor kyrkje, var det oppstilling og avgang for 17. maitoget, som i år var forsterka med elevar og foreldre frå Todalen og Stangvik oppvekstsenter, sjølvsagt med flaggborg og hornmusikk heilt i front. Årets 17. maitog vart dermed det lengste, som har vore på mange år!

Mange faner i årets 17. maitog. Foto: Jon Olav Ørsal

I år gjekk 17. maitoget frå Todalen kyrkje via Husby- og Hallagrenda, Øyabrua og opp til ungdomshuset i Øyagranda.

Mange til bords i Todalen ungdomshus. Foto: B G Ansnes

I ungdomshuset vart det servert sodd, kaffe og twist. Mange nytta høvet til å ta middagen i ungdomshuset denne ettermiddagen. Det var og sal av is og brus, og ungane fekk pølser med brød.

Nils Ove Bruset heldt talen for dagen i år. Foto: B G Ansnes

Nils Ove Bruset, leiar i 17. maikomiteen, heldt også talen for dagen. I talen sin, tok han opp både dagsaktuelle og historiske hendingar, samt litt skjemt om eitt og anna.   

Nasjonaldagsfeiringa vart avslutta med Todalssongen. Foto: B G Ansnes

Det heile vart avslutta ved at alle song Todalssongen, med Borghild B. Talgø og John Moe som forsongarar, ei stemningsfull og verdig avslutning på ei fin nasjonaldagsfeiring i Todalen.  

Fleire bileta frå 17. maifeiringa i Todalen kan du sjå nedanfor: 

Publisert: 17. mai 2022, 18:19