Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finvêrstur til Storsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. mai 2022

I dag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Storsetra i Stangvik, og det vart ein skikkeleg finvêrstur, seier rapportane frå turen. – Vi var litt spent på oppmøtet 18.mai, men pensjonistane våre har nok vore ute ein slik dag før, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Start Bondehuset i Stangvika. Foto: Anne V. Einum

– Godt oppmøte , godt humør og god fart opp vegen, og etter kvart sti, oppover mot målet som i dag var Storsetra ovafor Stangvika, fortsett han.

Vakre Stangvika. Foto: Anne V. Einum

– Vergudane gjorde sitt beste for å få til god stemning – det vart mesta varmt nok til oss som hadde på ullskjorta. Spegelblank fjord, grøne lier og kvite toppar, det var så vi kunne songe «Fagert er landet», hadde vi hatt pust att, avsluttar Kristian. 

Tilbake til utgangspunktet Bondehuset. Foto: Anne V. Einum

Vel oppe, vart det ein lang og god rast på i solveggen på trammen framom setra. Og ingen er i tvil om at den var velfortent, etter turen opp lia!

Det blomstrar i Stangvika. Foto: Anne V. Einum

Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for tekst og bilete. Fleire bilete frå turen til Fjellgruppa, kan du sjå nedanfor: 

Publisert: 18. mai 2022, 19:30