Fjellgruppa tok turen til Hennafjellet
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
I morgon, 1. juni, arrangerer Svinviks arboret «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa.
I morgon er det den 1. juni, og dermed første sommardag. Også i år vil Frivilligsentralen i Surnadal invitere barn og unge til ulike sommeraktivitetar. Nedanfor finn du ein oversikt over planlagte aktivitetar og lenker for påmelding og meir informasjon:
Torsdag 2. juni klokka 11:00 går Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Todalen for å gå langs Toåa. Parkering på Bruset. Derifrå går turen oppover langs Toåa til hengebrua i Brusetmarka.
Også i år har Surnadal Jeger og Fiskerforening fått invitasjon frå Ellinor Fugelsnes til ein dag med opplæring i laksefiske i Advokaten. Dette skjer laurdag 11. juni frå klokka 14:00 – 20:00. Da stiller Surnadal JFF med instruktørar og utstyr, mat og drikke, og alt dette er gratis for deltakarane.
Fredag 3. juni, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i pinsehelga.
Onsdag 1. juni klokka 18:00 er det fotballkamp mellom Søya/Todalen – Tingvoll G10 på Bordholmen stadion. Det blir open kiosk med sal av brus, kaffe, bakels med graut og andre forfriskingar.
Servicetekniker Jack Morstøl frå Sportsmaster AS i Tønsberg var i dag på Heitt og Sveitt for å ta ein grundig service på treningsapparata. – Dei aller fleste apparata er innkjøpt frå same firma, og med såpass mykje bruk av treningsrommet til idrettslaget, er vedlikehald på utstyrsparken våre eit must for lang levetid, seier leiar Elinor Bolme i Todalen Idrettslag.
No er det komme enda ein attraksjon i Toåa Tursti. Ragnhild er ein ihuga todalspatriot, og ivrar for at kunnskap om bygda når fram til kommande generasjonar og andre interesserte. I den anledning kom det ein førespurnad om det kunne opprettast eit pop-up-bibliotek i gapahuken i Båthølen. Her kan alle som fer innom, no finne eit og anna å lese i.
Tysdag 31. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Hennafjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Hennset. Fjellgruppa har med seg kjentfolk som vil vise fram kor ein skal parkere, og dei vil også gå først oppover stien.
26. – 29. mai er det igjen duka for Vårsøghelg i Surnadal. Vårsøghelga 2022 har eit variert og innhaldsrikt program. Der Kleivakvelden, for mange, er sjølve høgdepunktet. I år blir Kleivakvelden arrangert på Kleiva laurdag 28. mai klokka 18:00. Her kan dei skilte med artistar som: Bjørn Tomren, Mahsa Vahdat, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Heine Bugge, VOX og Surnadal hornmusikk.
Laurdag 28. mai klokka 14:00 inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg under gudstenesta er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet denne laurdagen går til konfirmasjonsarbeidet på vipps 506908.