Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Hennafjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. juni 2022

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. 

Målet er Hennafjellet. Foto: Anne V. Einum

– Heile 37 opplagte og trivelege turfolk møtte for å vera med – det er ny rekord for Fjellgruppa!, fortsett han.

Peikar mot Tustnastabbene. Foto: Anne V. Einum

– Så i dag var det mange nye andlet å sjå, og alle var blide og stemt for topptur, seier han.  

Liten kvil på nedturen. Foto: Anne V. Einum

– Men også bilturen utover til Hennset var ei oppleving i finvêret, seier han. 

Ser mot Hjelmen og Blåfjellet. Foto: Anne V. Einum

– At vakker dramatisk natur fører med seg motbakkar fekk vi sanne etter kvart, men det er i motbakkane det ber oppover, også i andre delar av livet. – Og opp kom vi, heilt til endes, sjølv om vi krangla litt om kva som var toppen, seier Kristian vidare.

Bitten og Kristian på første toppen. Foto: Anne V. Einum

– Skal ikkje prøve å seie noko om utskten, men vi vart sitjande lenge. Det var godt å vera der. Men når vi såg arbeidet som er på gang på E39, vart vi samde om at landet vårt er upraktisk. Men fagert, det er det, avsluttar Kristian

På heimveg. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i går, kan du sjå nedanfor:

Først publisert: 1. juni 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 31. mai 2022, 21:22