Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny attraksjon i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. mai 2022

No er det komme enda ein attraksjon i Toåa Tursti. Ragnhild er ein ihuga todalspatriot, og ivrar for at kunnskap om bygda når fram til kommande generasjonar og andre interesserte. I den anledning kom det ein førespurnad om det kunne opprettast eit pop-up-bibliotek i gapahuken i Båthølen. Her kan alle som fer innom, no finne eit og anna å lese i. 

Her finn ein etter kvart alle utgjevingane frå Todalen historielag, nokre barnebøker og mange forskjellege faktabøker om naturen. Eit artig påfunn no når bibliotektilbodet i bygda er lagt ned.

Todalen Idrettslag sett pris på initiativet som gjer turrstien enda meir attraktiv enn den allereie er! Det er plana at bøkene, med jamne mellomrom skal skiftast ut, slik at ein kan finne nye bøker å lese, slik ein vil kunne finne nye bøker med jamne mellorom.  

Toåa turstien har no passert over 500 besøkande i StikkUt regi, og ligg med det på topp for turmåal i Surnadal kommune, med Svinvikrunden som ein god nummer to!

Publisert: 27. mai 2022, 08:25