Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommeraktivitetar for barn og unge

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. mai 2022

I morgon er det den 1. juni, og dermed første sommardag. Også i år vil Frivilligsentralen i Surnadal invitere barn og unge til ulike sommeraktivitetar. Nedanfor finn du ein oversikt over planlagte aktivitetar og lenker for påmelding og meir informasjon: 

Onsdag 28. juni:

Blir det besøk på Angråmyra skytebane, der Surnadal skytterlag stiller med instruktørar, slik at ein får prøve å skyte med salongrifle. Skyting er kjempeartig både for store og små, og det blir sjølvsagt ein uhøgtidleg konkurranse med premiering. Aldersgruppe 10 – 18 år. 

«Påmelding og meir informasjon»

Foto: Surnadal Skytterlag

Onsdag 29. juni: 

Ungdomsklubben blir open frå klokka 11:00 – 15:00. Aldersgruppe 10 – 18 år. 

«Påmelding og meir informasjon»

Torsdag 30. juni: 

Blir det tur til Rush Trampolinepark i Trondheim! Aldersgruppe 10 – 18 år. 

«Påmelding og meir informasjon»

Det blir sett opp buss til Trondheim og Angråmyra.

Alle aktiviteter er gratis.

Frivilligsentralen nyttar samtidig høvet til å takke Sparebank1 SMN for midlane dei har fått. ! 

Sommeraktivitetar for barn og unge:

Dato Kl. Tittel
Tir 28.06 10:00 Tur til Angråmyra skytebane Angråmyra skytebane
Ons 29.06 11:00 Open ungdomsklubb Surnadal ungdomsklubb
Tor 30.06 08:30 Tur til Rush Trampolinepark
Publisert: 31. mai 2022, 14:45