Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Service på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. mai 2022

Servicetekniker Jack Morstøl frå Sportsmaster AS i Tønsberg var i dag på Heitt og Sveitt for å ta ein grundig service på treningsapparata. – Dei aller fleste apparata er innkjøpt frå same firma, og med såpass mykje bruk av treningsrommet til idrettslaget, er vedlikehald på utstyrsparken våre eit must for lang levetid, seier leiar Elinor Bolme i Todalen Idrettslag.

 

Bilde av multiapparat: Her var det ein del smårusk med ødelagte trinser og slitte wirar. Desse vart utskrifta med ein gong. Den eldste tredemølla har ekstremt slitt plate og band som må utbetrast. Foto: Elinor Bolme

– Full rapport kjem frå Jack i neste veke og da må nok styret ta nokre beslutningar om nye investeringer for å holde utstyrsparken i orden og oppdatert til brukarane våre, kan Elinor vidare fortelje. 

 

Bilde av Kristoffer Nordvik: Kristoffer finpussa langdistanseformen for Bergen fjellmaraton i Bergen neste torsdag. Han var i følge han sjølv ikkje heilt i rute, men vi har trua på at han gjer nok eit godt langløp! Foto: Elinor Bolme

Som betalande medlem i Todalen IL kan du fritt trene på Heitt og Sveitt 24/7 for kun 150 kroner i året. Er du ikkje medlem kostar det 20 kr per gong som kan betalast via Vipps 510452. 

 

Service på apparata er viktig. Foto: Elinor Bolme

Eventuelle feil eller manglar på treningsapparata kan rapporterast til styret i Todalen Idrettslaget.

 

Publisert: 27. mai 2022, 19:45