Inviterer til folkemøte
I samband med at Surnadal kommune skal revidere «Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv», inviterer kultureininga til folkemøte i Svorka-salen på Surnadal kulturhus, tysdag 20. september klokka 19:00.
Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.
I samband med at Surnadal kommune skal revidere «Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv», inviterer kultureininga til folkemøte i Svorka-salen på Surnadal kulturhus, tysdag 20. september klokka 19:00.
Dei siste turane til Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, har gått i skikkeleg finvêr. I dag skulle Fjellgruppa sin tur eigentleg ha gått til Blåvjellet, men da vêrgudane ikkje spela på lag i dag, så vart det ein alternativ tur i Røsmorunden og til Kleiva, for dei fem «haurdhausane», som møtte opp og vart med.
Surnadal frivilligsentral si følgesveinteneste starta i vår. Dette er ei teneste der folk, som treng følge til sjukehus, lege eller anna behandling, får ein følgesvein gjennom følgesveintenesta til frivilligsentralen. Dei har så langt fått inn mange oppdrag, så det er tydeleg at mange har behov for ei slik teneste.
Noko nytt, med noko meir gammalt, i Surnadal kulturhus denne hausten. Ein filmklubb skal vise filmar – gode filmar – som ikkje går på kinoane. Og gjerne filmar som har vunne seg ein rettmessig plass i filmhistoria, som tre av dei klubben sett opp i haust; «Casablanca», «Gjøkeredet» og nydelege «Cinema Paradiso». Eller nyare filmar som er på tur til å få tildelt ein slik plass, som oscarvinnaren frå i fjor «Nomadland».
Torsdag 15. september klokka 11:00, inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen går stavgangturen til Sjøasetervatnet. Oppmøte klokka 11:00 ved bommen, for samkøyring oppover lia.
Stangvik Sokneråd arrangerer busstur til Nidarosdomen søndag 25. september. For at turen skal bli realisert må vi ha minst 30 påmeldte. Vi starter med gudstjeneste i Nidarosdomen, og etterpå blir det lunsjbuffé på Ni Muser. Deretter guiding i Nidarosdomen.
Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Onsdag 14. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J/G 8 lag seriekamp mot Surnadal hvit.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde hadde i dag stavgangtur til Roparen i fint haustvêr. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter og derifrå oppover til Roparen.
Kyrkja i Surnadal fortsett også i haust tilbodet om felles middag, siste onsdag i månaden fram til advent. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
I kveld var det eit skikkeleg klassisk lokaloppgjer i lokalfotballen, da Søya/Todalen G10 spela seriekamp mot Surnadal G10 på Bordholmen stadion. Det er tre todalingar som spelar på Søya/Todalen sitt lag, medan det er til vanleg er to todalingar på Surnadal sitt lag, så her var det mange kjente fjes å sjå.
Tysdag 13. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30, for samkøyring til Rognskog i Betna, der det blir parkering.