Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2203 artiklar i dette arkivet.


Storhaugen neste turmål for Fjellgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. mai 2022

Tysdag 24. mai inviterer, Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, til ny tur, og denne gongen til Storhaugen i Todalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30, for samkøyring til Todalen og parkering ved Todalshytta. Dei som bur slik at det er raskare å køyre direkte, gjer det! 


Stavgangarane til Åsskard i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. mai 2022

Stavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag, hadde i dag tur til Åsskard. Det var fint turvêr, så det vart ein fin tur med mykje fuglesong å høyre og fin natur å sjå på.


Felles middag onsdag 25. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. mai 2022

Onsdag 25. mai inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 


Finvêrstur til Storsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. mai 2022

I dag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tur til Storsetra i Stangvik, og det vart ein skikkeleg finvêrstur, seier rapportane frå turen. – Vi var litt spent på oppmøtet 18.mai, men pensjonistane våre har nok vore ute ein slik dag før, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. 


Søya/Todalen J11 – Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 18. mai 2022

I kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen sitt J11 lag og Surnadal på Bordholmen stadion. Ulikt mange lokaloppgjer, så vart dette eit lokaloppgjer med mykje godt spel og mange scoringar.  Første omgang var i starten jamspelt, med mykje godt spel, frå båe lag. Utover i omgangen overtok heimelaget meir og meir av banespelet. Dette resulterte […]


Fin nasjonaldagsfeiring med mykje folk i fint vårvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. mai 2022

I tradisjonen tru, så vart siste del av 17. maifeiringa i Todalen innleia med gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg Cathrine Grutle heldt festgudstenesta på nasjonaldagen, medan årets konfirmantar, Nora M. Kårvatn og Shan Allan Halle, las frå dagens tekst. Bernt G. Bøe var organist, og han spela også piano da P17-koret song til slutt under gudstenesta.


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. mai 2022

Fredag 20. mai, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit til helgakosen. 


Lokaloppgjer på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 15. mai 2022

Onsdag 18. mai klokka 18:00 er det duka for lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J11 og Surnadal på Bordholmen stadion. Dette er lokalfotballens El classico, så her er det berre å møte opp, for å få sjå god fotball og noko ein godbit frå kiosken! 


Dugnad ved den nye småbåthamna på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. mai 2022

I dag arrangerte Nordvik Båtforening og Nordvik Grendalag dugnad i området der den nye småbåthamna på Nordvik skal byggast. 20 personar møtte opp for å vere med på Dugnadan. Per E. Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, medan Kristoffer Nordvik og Ola J. Nordvik stilte med traktor og hengar. 


Fjellgruppa til Storsetra i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 13. mai 2022

På tysdag er det den 17. mai, så da går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sjølvsagt i tog, men onsdag 18. mai klokka 10:30 er det duka for tur, denne gongen til Storsetra i Stangvik. Oppmøte ved Bondehuset i Stangvik klokka 10:30.  


Da er vegkantane rydda til 17. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. mai 2022

I kveld var det ryddedugnad, for å rydde langs vegkantana rundt bygda, slik at det skal vere fint til 17. maifeiringa. Mange, både frå Start 4H og andre, møtte opp for å vere med på ryddedugnaden, så på ein stor time var alle vegkantane rydda.


Stavgang fra Nordvik til Haltbakken

Sverre Kjølstad Torsdag 12. mai 2022

I dag var det oppmøte ved Rabbleet på Nordvik, som ligger ned for Sollia boligfelt. 29 spreke pensjonister startet ned Slettnesveien, videre forbi Åsbøhagen som er blitt en fritidsbolig som er utleid til tyske turister i sommerhalvåret. Videre langs en skogsvei før man kommer opp til Haltbakkveien. Litt lengre ned kommer en først til Sjøtrøa som også er blitt en fritidseiendom, og som de senere årene har satt opp mange nye bygg beregnet på fritidsaktiviteter. Denne eiendommen er på 28 mål dyrkamark, og den er meget velholdt til enhver tid.