Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste frist for å melde seg på julebordet nærmar seg

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. november 2022

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag minner om at dei inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert! 

Det blir også open bar med sal av øl og vin.

Julebordet kostar kroner 350,- per person, og det er bindande påmelding innan søndag 20. november klokka 20:00, så det begynner å haste med å melde seg på. Påmelding via epost til: Julebord 3. desember 2022 eller på SMS 986 11 707. Hugs å skrive på namn på dei som melder seg på!

Komiteen ønsker alle velkommen til julebord i ungdomshuset!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 18. november 2022, 16:00 - Sist oppdatert: 17. november 2022, 19:55