Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag
Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Vi fann 3631 artiklar i dette arkivet.
Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Onsdag 14. september klokka 18:00 er det klart for lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J/G 8 lag seriekamp mot Surnadal hvit.
Det var bra tilslutning til Stikk UT! Festivalens arrangement i Toåa Tursti fredag kveld. Eit hundretals deltakarar kom på arrangementet i Toåa Tursti, og det er vi godt nøgde med, seier Ola Fremo og Liv Synnøve Hoel frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Arrangementet var eit samarbeid mellom Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, Fellowman Surnadal, Todalen sanitetsforening […]
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde hadde i dag stavgangtur til Roparen i fint haustvêr. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter og derifrå oppover til Roparen.
Kyrkja i Surnadal fortsett også i haust tilbodet om felles middag, siste onsdag i månaden fram til advent. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Tysdag 13. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30, for samkøyring til Rognskog i Betna, der det blir parkering.
I går vart det nok ein finvêrstur for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Da gjekk nemleg den vekentlege fjellturen til Knyken. «Det må vera noko med fjellufta! Da vi starta på dagens tur var vi 29, men på Knyktoppen hadde vi vorte 31! Ikkje verst for ein såpass godt tilårskommen gjeng!», kan Kristian Ranes i Fjellgruppa muntert fortelje.
Surnadal kommune er i ferd med å lage nye retningsliner for motorferdsel i utmark, for perioden 2022 – 2026. Derfor har Hovudutval for miljø, areal og teknikk (MAT), vedteke å legge ut sitt forslag til nye retningsliner for motorferdsel i utmark, til offentleg ettersyn.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Roparen torsdag 8. september klokka 11:00. Parkering på parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter i Sæterlia.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag fekk ein skikkeleg finvêrstur til Kvenndalen i går. 22 stavgangarar gjekk frå gapahuken og opp til Trollmyran. Derifrå hadde dei fin utsikt innover dalen.
Surnadal Husflidslag inviterer også i år til «Barnas arbeidsstue», med oppstart onsdag 21. september klokka 18:00. Her får dei unge deltakarane lære forskjelleg typar husflid åtte onsdagskveldar utover hausten.
Tysdag 6. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på til Knyken. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfør Øye kyrkje klokka 09:00, MERK tidspunktet! Herifrå blir det samkøyring opp til parkeringsplassen oppmed Skeisnebba.