Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Husk «Handle lokalt»-dagen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. oktober 2022

I morgon, laurdag 15. oktober, inviterer Matkroken Todalen, som vi tidlegare har skrive om, til «Handle lokalt»-dagen, med gode tilbod og gratis kaffe og kaker. Dette er ei årleg markering. for å synleggjera lokalbutikken sin viktige rolle i lokalsamfunnet gjennom å vere ein sosial møteplass, servicesenter og handlestad.

Mellom klokka 10:00 – 15:30, inviterer Matkroken Todalen, alle som  kjem innom for å handle, til gratis kaffe og marsipankake i kaffekroken. Alle som handlar daglegvarer for meir enn 1.000,- på laurdag, får eit gåvekort på 100,- kroner. Gjeld ikkje drivstoff, gass og oljeprodukt.

Det er Merkur-programmet, som står bak markeringa av «Handle lokalt»-dagen. Merkur-programmet er eit kompetanse- og utviklingsprogram for nærbutikkane i distrikts-Norge. Målet er å sikre innbyggarane tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet og mange tilleggstenester, og Matkroken Todalen er med i Merkur-programmet.

Matkroken Todalen ønsker alle velkommen til markering av»Handle lokalt»-dagen!

Publisert: 14. oktober 2022, 08:30