Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimgruppa kjem med julekalender i år

Jon Olav Ørsal Måndag 10. oktober 2022

Siste nytt frå Todalen idrettslag er faktisk at trimgruppa kjem men eigen julekalender i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i TILs trimgruppe.  No frir dei til alle kreative og nævenyttige sjeler om å være med å bidra med gevinstar til den nye julekalenderen.  – Vi ser for oss heimlaga og kortreiste gevinstar som er laga av kortreiste råvarer eller som er laga på kjøkkenet eller hobbyrommet heime. Vi veit at det er laga mykje fin husflid her i bygda, og det passar godt i denne samanhengen.  Det skal være minst ein gevinst kvar dag – trekning kvar dag i desember fram til julekvelden.

Salet av kalenderen startar 1. november, og vi forega fram til 1. desember når trekninga startar.  Det blir altså trekning kvar dag og blir kunngjort kvar dag på Todalen.no.  Vil du være med og fylle kalenderen med gevinstar så tek du kontakt med Sissel Halset Storslett og gjer ein avtale med ho.  – På denne måten håper vi å få inn litt pengar til å drifte trimgruppa med – samtidig som vi kan ha litt artigheit og spenning i kvardagen, sier Sissel.  Sissel når du på telefon 468 16 168

Publisert: 10. oktober 2022, 15:00