Haust ved tjernet månadens bilete i november
Eit nydeleg tilbakeblikk til hausten vart månadens bilete i november, og sikrar Ingri Bruset eit napp i å få årets bilete i 2022.
Vi fann 3630 artiklar i dette arkivet.
Eit nydeleg tilbakeblikk til hausten vart månadens bilete i november, og sikrar Ingri Bruset eit napp i å få årets bilete i 2022.
Med dyrare straum er gode råd dyre, eller kanskje ikkje? Onsdag 7. desember lanserte Svorka den nye Svorka-appen som gir straumkundane full kontroll over eige straumforbruk. Appen er heilt gratis å laste ned og å bruke, og er tilgjengeleg for alle Svorka sine straumkundar.
I kveld var det Øyagrenda sin tur til å tenne julelysa for å lyse opp litt i adventstida. Det er postkassestativet mellom Øya og Dakota (tidlegare Tovbu) og Øyabrua, som dei siste åra har vorte lyssett i adventstida.
Tysdag 27. desember klokka 20:00 inviterer Todalen.no alle til Romjulsquiz i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. Det blir også open pub med sal av øl og vin. Romjulsquizen er gratis for alle medlemmer, og kostar […]
Todalingen Leif Arne Ness (53) har takka ja til tilbod om å bli, ein av to materialforvaltarar i nybakt seriemeistar Molde Fotballklubb. Han kjem frå tilsvarande stilling i Sandefjord Fotball, der Leif Arne har vore materialforvaltar i sju sesongar, sidan januar 2016.
Torsdag 15. desember inviterer Trollheimen Fjellsportklubb sine medlemmer til handlekveld på Kårvatn Fjellutstyr mellom klokka 18:00 – 21:00.
Torsdag 8. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Under mottoet: «glede, lykke, mestring og tilhørighet», inviterer Fellowman Surnadal til julekonsert i lokala til Frivilligsentralen onsdag 7. desember klokka 17:30. Det blir gratis kaffe og kaker.
Fredag 9. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga. Sidan dette er nest siste utsal før jul, så er det også mogleg å sikre seg ein «godbit» til jul!
I helga har Romsdal Randoneeklubb arrangert Classic Norway Hotels randoneecup på Bjorli. Laurdag var det NM i sprint og i dag var det Norgescup. I juniorklassen U20 var det todalingen og landslagsutøvaren Erik Kårvatn, som representerer Trollheimen fjellsportklubb, som var raskast under båe løpa i juniorklassen, og kan dermed kalle seg Norgesmeister i randonee sprint!
I ei pressemelding frå Talgø no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Talgø lanserer ei ny royalkledning, som dei har kalla MøreRoyal-kledning 2.0.
Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.