Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på «Hagefugltellingen 2023» på laurdag og søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. januar 2023

No på laurdag og søndag er det klart for «Hagefugltellingen 2023» Da er nemleg spørsmålet kor mange fuglar du ser i hagen din i løpet av dei to dagane? Det er Birdlife Norge som arrangerer «Hagefugltellingen 2023», og alle som matar fuglar ved bustaden eller på hytta blir oppfordra til å delta.

Grønnfink. Foto: Frode Falkenberg

Målet med «Hagefugltellingen» er som tidlegare år, å skape interesse og å auke kunnskapen om fuglar og natur – og vise at fuglemating er ein underhaldande og lærerik aktivitet.

Resultata frå Birdlife sine «Hagefugltellinger» dei siste åra viser mange av fugleartane hadde tilbakegang. Birdlife er difor spent på om dette er ein trend som også fortsett i år?

«Det er alltid regionale variasjoner. Dessuten kan vi, når frøsettinga er dårlig i de store skogene i nordlige Russland, Finland og Sverige, oppleve masseinnvandring av fugler fra øst», heiter det i ei pressemelding frå Birdlife Norge.  

«Dette gjelder arter som gråsisik, grønnsisik, dompap, grønnfink, flaggspett med flere», heiter det vidare i pressemeldinga.

Ei kjøttmeis og ei rødstrupe møter kvarandre på fuglebrettet. Foto: Staale Wattø

Så ser du nokre av desse artane i morgon eller på søndag, så er dette særs interessante observasjonar for Birdlife.

Alle innmeldte observasjonar av hagefugl i helga er like viktige, uansett kor mange hagefugl ein observerer desse to dagane. At ein ikkje ser ein einaste fugl er også ein interessant observasjon understrekar Birdlife.

Birdlife Norge reknar med at rundt firehundre tusen nordmenn hjelper dei fjørkledde med mat kvar vinter, noko som er heilt avgjerande for mange av dei, spesielt når det er mykje snø og kulde.  

Resultatet frå «Hagefugltellingen» legg du inn på: Registrer resultatet frå «Hagefugltellingen 2023»

Publisert: 27. januar 2023, 12:10