Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein «godtepose» av eit filmrepertoar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 28. januar 2023

Surnadal kino kan veka som kjem lokke både med «godteposar» på lerretet og frå kiosken! Seniorfilmklubben inviterer til noko heilt fabelaktig, og Surnadal kino «krydrar» resten av veka med krutsterke opplevingar.

«Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre»

Seniorfilmklubben viser «Den fabelaktige Amèlie fra Montmartre». Dette er ein fransk «feelgood-film» frå 2001. Lett og leiken – og fargebruken gjer den til ein fryd å sjå!

Amèlie bur åleine i Paris og leitar etter den eine, og kjem tilfeldig over ein underleg skrue i same situasjon. Men filmen har også mange sidehistorier prega av humor og drypp av livsvisdom.  

Filmen var nominert til fem Oscars, men vart ikkje invitert til Cannes. Det angrar kanskje filmfestivalen på, for filmen vart ein publikumsslager – og verkar like forfriskande i dag som da.

«Den fabelaktig» Amèlie fra Montmartre» blir vist onsdag 1. februar klokka 12:00,

«Munch»

Den kritikarroste norske filmen «Munch» inviterer også til fargerike kinoopplevingar på dagtid no i månadsskiftet.  «Munch» er ein film om kunstnaren Edvart Munch og blir vist både tysdag 31. januar og torsdag klokka 13:00. Elles blir filmen vist onsdag kveld og veka etterpå. 

Kjøp billettar til «Munch»

«A Man Called Otto»

Filminteresserte bør også merke seg at «gretne» Tom Hanks kjem innom kinoen og brummar tysdag 31.01 kl. 18:00. «A Man Called Otto» er ein amerikansk versjon av «En mann ved navn Ove» og er så annleis enn originalen at den er verdt å få med seg.

Kjøp billettar til «A Man Called Otto»

«Babylon»

Torsdag kveld går filmeposet «Babylon» – ein orgie av, og i, ein film på alle vis. Stjerner som Brad Pitt og Margot Robbie tek oss med tilbake til 1920-talet sitt dekadente Hollywood – og du trur det ikkje før du får sjå det. «BABYLON er en snedig storfilm som er så mye forskjellig på en gang at jeg fremdeles jobber med å fordøye alle inntrykkene», skreiv NRK sin meldar. Og terningen landa på fem, som med så mange av dei andre kritikarane.

Kjøp billettar til «Babylon»

I morgon klokka 18:00 og onsdag kveld klokka 19:00,  er det siste sjansen for å få med seg «Folk og Røvere i Kardemomme By». Også «Avatar»- The Way of Water. har siste framsyning i morgon kveld klokka 19:00. 

Surnadal kino kan med andre ord lokke med eit rikhaldig og kvalitativt godt kinoprogram no i månadsskiftet, 

Kjøp billettar til «Kardemomme by»

Kjøp billettar til «Avatar – the way of water»

Først publisert: 28. januar 2023, 09:00 - Sist oppdatert: 27. januar 2023, 21:05