Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3559 artiklar i dette arkivet.


Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. november 2022

Torsdag 24. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Seismiske undersøkingar i gang

Bjørn Gunnar Ansnes (tekst) og Jon Olav Ørsal (foto) Måndag 21. november 2022

I dag, og ei stund framover, vil det bli gjennomført seismiske undersøkingar av sjøbotnen, for alternativet med undersjøisk tunnel Åsbøen til Ålvundfossen, som no har kome opp som eit alternativ til bru frå Svinvika og tunnel Rakaneset til Ålvundfossen. Det er vegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som har engasjert Sweco for å gjennomføre dei seismiske undersøkingane.


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 21. november 2022

Fredag 25. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga. 


Todalen historielag – «bokslepp» søndag 20. november

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. november 2022

Søndag 20. november klokka 15:00 inviterer Todalen historielag til «bokslepp» i Todalen ungdomshus. Her vil historielaget sitt rykande ferske årsskrift for 2022, bli presentert. Det blir også utstilling av måleri måla av Olav Halse, yngre bror av Leif Halse, og sjølvsagt kaffe og bakels!  


Informasjonsfilm om «Inn på tunet»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. november 2022

Todalen sanitetsforening har, som vi tidlegare har skrive om, søkt om, og fått tildelt totalt 600 000 kroner frå Damstiftelsen til prosjektet «Inn på tunet». Dette er eit tilbod om helgaopphald for pårørande og personar med demens og kognitiv svikt. Todalen sanitetsforening samarbeider med Jostua på Bele og Oppistua på Øye om tilbodet 


Har du ledig husrom til flyktningar?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. november 2022

Det spørsmålet stiller Surnadal kommune. Bakgrunnen er at kommunen no tek imot personar som er tvinga på flukt frå krig og uro i heimlandet sitt rundt om i verda, men spesielt frå Ukraina.


Vangsgutane forlengst på plass i butikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2022

Vangsgutane for 2022 er forlengst komne på plass i butikkane.   Årets hefte har 36 sider med artige forteljinger med lokalt tilsnitt – handlinga i Vangsgutane har framleis si handling i Todalen og som vanleg finn Steinar, Kåre og Larris på nokre sprell.  I år hanlar den nye delen om romfartseventyret på Vangen. I den nye delen er det Kjartan Helleve som fortel og Ivan Andreassen som teiknar.  


Inviterer til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 16. november 2022

Styret i Surnadal Arbeiderparti inviterer alle medlemmer til medlemsmøte tysdag 22. november i kommunestyresalen på kommunehuset klokka 19:00 – 21:00.


Telia-boxen blir oppgradert i natt

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. november 2022

I ei pressemelding frå Svorka no i kveld, blir vi informert om at det natt til tysdag 15. november, altså natt til i morgon, vil Telia-boxen, via fibernettet, bli oppgradert til Android 11. Dersom Telia-boxen din er kopla til straum og internett, vil den motta oppdateringa automatisk. Er den uten straum og internett, vil den motta oppdateringa først når den blir kopla til.


Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. november 2022

Torsdag 17. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Saknar du eit blått fleecevottpar?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. november 2022

Det ser ut til at nokon har gått litt heit i Petlia for ei stund sidan. Det er nemleg funne eit par blåe fleecevottar ved nedre Geitåbrua. Etter å ha hengt i eit tre der oppe ei stund no, så er dei no flytta og lagt i postkassen ved Ja-benken, fortel Elinor Bolme.


Siste «sjølvplukk» av bøker ved Todalen bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. november 2022

Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Tysdag 15. november mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.