Torsdag 9. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
– Bli med og få varme i kroppen no i kjølta!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. – Og kanskje blir det kaffe etterpå?, legg han til.
Surnadal Pensjonistlag ønsker velkommen til trim i Trudvang!