Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eigedomsskattelistene for 2023 er lagt ut til offentleg ettersyn

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023
Surnadal kommune har no lagt ut eigedomsskattelistene og fritakslistene til offentleg ettersyn. Klagefristen for eventuell klage på utskriven eigedomsskatt er seks veker etter at listenene er lagt ut, og er i år sett til 12. april. Det er høve til å klage, men berre på forhold som tidlegare ikkje er påklaga. 

Eigedomsskatt 2023

Eigedomsskatten for i Surnadal kommune for 2023 er utskriven i tråd med kommuunestyret sitt vedtak den 15. desember 2022 i K-sak 74/22.

Eigedomsskattelista og fritakslista for eigedomsskatt i Surnadal kommune, er også lagt ut til offentleg ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset frå og med i dag.

Satsen for eigedomsskatt er 7 promille av taksten, med unntak for bustadar og fritidsbustader der satsen er 3,41 promille av berekningsgrunnlaget. Eiendomsskatten blir fakturert saman med kommunale avgifter i fire terminar kvart år.

Klage på eigedomsskatt

Eventuell klage på eigedomsskattetaksten kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på det same grunnlag tidlegare.

Klagen skal være skriftleg og sendast til: Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal eller på e-post til: post@surnadal.kommune.no.

Klagesfristen er 12. april.

Her kan du sjå eigedomsskattelistene:

Eigedomsskatteliste 2023 (PDF, 4 MB)

Fritaksliste 2023 (PDF, 68 kB)

Publisert: 1. mars 2023, 16:16