Fjellgruppa med fin tur til Fauskåfjellet
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne siste dagen i september gjekk turen til Fauskåfjellet.
Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur, og denne siste dagen i september gjekk turen til Fauskåfjellet.
Pensjonistforbundet Surnadal og Surnadal Eldreråd inviterer til markering av Eldredagen 2025 i Surnadal på Hammerstuene torsdag 2. oktober frå klokka 14:00.
Kaffekroken på Matkroken Todalen er i dagleg bruk og her blir mangt eit verdsproblem løyst, og nokre nye laga, men framfor alt er kaffekroken ein viktig arena for sosialt samvær og hygge! Tysdag stilte Kjell Gunnar Polden med bakelsrøre og nykoka graut og inviterte til bakels og graut.
Fredag 3. oktober. august frå klokka 11:00 markerer Lia gard kanelsnurrens dag med ope bakeriutsal. Da kan ein sjølvsagt få kjøpt kanelsnurrar, men også anna fersk og frossen bakst, så det er berre å ta turen.
Fredag inviterte Surnadal kommune til Boligdagen 2025 i kammerset på Surnadal kulturhus. Det var kommunalsjef samfunn, Karin Halle som var konferansier og som hadde sydd saman det innhaldsrike og informative programmet for dagen.
Tysdag 30. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Fauskåfjellet, Fauskåvatnet og Surnadals geografiske midtpunkt.
Laurdag 4. oktober frå klokka 20:00 – 02:00 inviterer Stangvik Grendalag til «Høstpub» i Stangvikbryå.
3. – 5. oktober inviterer Svorka, i samarbeid med Power Surnadal, ungdom fra og med 8. klasse til tre døgn fylt med gaming, konkurransar, premiar og godt selskap i Torshall, Rindal. Målet er å skape ein trygg, morsom og sosial møteplass, der felles lidenskap for gaming får blomstre.
Det var tittelen på årets Pårørendekonferansen 2025 som i Surnadal kommune vart arrangert i Kammerset på Surnadal kulturhus. – Pårørendekonferansen er en digital konferanse, der kvar enkelt kommune sjølv må legge til rette for arrangementet, fortel ein av initativtakarane i Surnadal kommune, Mona Rita Rønning. – Målet med å arrangere Pårørendekonferansen i Surnadal kommune, er eit håp om at vi innan 2030 skal greie å etablere ein pårørandeallianse på tvers av diagnose og alder, legg ho til. Det var sanitetsforeningane som stod for serveringa under konferansen.
Onsdag orienterte Svorka om den nye staumstøtteordninga Norgespris som blir tilgjengeleg frå onsdag 1. oktoober. Prisen på Norgespris vil vere 50 øre med tillegg for kraftselskapa sitt prispåslag og nettleige. Det første informasjonsmøtet var i Svorkasalen på Surnadl kulturus, og det andre på Svorka-bygget.
I ei pressemelding no i kveld frå laget Vårsøg, blir vi gjort kjent med at Vårsøghelga, frå og med neste år går inn i ein ny fase. Dette inneber mellom anna at helga skiftar namn og at Kleivakvelden og alle arrangement på Kleiva blir tekne bort.
Sist onsdag inviterte Pensjonistforbundet Surnadal til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Vel seksti medlemmer møtte fram for å vere med på medlemsmøtet.