Basar og tombola i Stangvik
Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 23. november kl. 16.00.
Vi fann 3545 artiklar i dette arkivet.
Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 23. november kl. 16.00.
Søndag ettermiddag arrangerte trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa felles basar i Ungdomshuset. Her var det full fres og basarstemning av god gammel dimensjon. Det var mange fine premiar som skulle utloddast, og i tillegg var det tradisjonelt pilkast der både gammel og ung knivast om høge plasseringar.
Ved 21.30 tida vart det straumbrot i Todalen. Det er ukjent kva som er årsak, om det er lokal eller om det er over eit større omrråde. Vi kjem att så snart vi veit meir om straumbrotet.
Torsdag kveld er kvelden alle skiientusiastar i Surnadal absolutt bør kjenne si besøkelsestid på Surnadal kulturhus. Då har primus motor Kristin Kårvatn klart å overtale kinosjef Pål Nordmann til å ta inn den store skifilmen Supervention.
Onsdag kveld var næringslivsledarar fra Sunndal og Surnadal samla til felles samarbeidsmøte i Surnadal. Det var næringsforeningane i dei to kommunane, saman med Sunndal og Surnadal kommune hadde invitert til samarbeid på tvers av kommunegrensene. Formålet med møtet var å stimulere til større samarbeid når det gjelder samferdsel og felles arbeidsmarknad, der tverrfjordleg forbinding naturlig nok var eit sentralt tema. Talgøsjef Terje Talgø ville gå eit skritt lenger, og foreslo like godt å slå sammen dei to kommunane.
Les heile sakaDu ser kanskje noko nytt no? Noko uvant? Ikkje fortvil, du er komme til Todalen.no. No har vi endeleg fått oppdatert både designet og publiseringssystemet til Todalen.no. Det er over fire år sidan vi lanserte Todalen.no, før vi visste kva ein iPad var og før vi sjekka lokalnyheter på mobilen på bussen. Det var på tide å få Todalen.no klar for den nye tiden.
Samanlikna med oktober i fjor har vi i år hatt reine mildvêret. Man samanlikna med fleire år attover, har vi nok hatt ein oktobermånad på det jamne. Jon bruset har oppsummert temperaturmålingane han har gjort heime på Småhjellan, og kan konkluderer med at oktober har vore tilnærma «normal» temperaturmessig. I år var det 8 døgn i oktober med minimumstemperatur under null, med – 3,8 som kaldast. Høgaste temperatur som vart målt er +15,0 grader.
Pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal minnest da kvinnene kom med i politikken. Som kjent fekk kvinnene allmenn stemmerett i 1913, men det var først lenge etter 2.verdskrigen, på 1970-80-90-talet – at kvinner slapp til i kommunestyra utover landet. Slik var det også på Indre Nordmøre. På møte i Indre Nordmøre senioruniversitet 13. november vil kvinnelege pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal samtale – med Eivind Hasle.
Tysdag kveld var jaktsimulatoren i «eldlinja» igjen i Ungdomshuset. Den var bruka i eit programinnslag på Hjortfesta, og medan den enno var i bygda vart det arrangert open kveld med jaktskyting for alle som hadde lyst. Simulatoren var basert på laserteknologi i kombinasjon med film, og fungerte egentleg som eit dataspel. Utstyret var lånt av Jeger og Fisk, og vart drifta av ei datamskin.
Les heile sakaTidens_Krav melder om at både Terje Talgø i Talgø Invest og Hege Gåsvand i Gåsvand Eiendom og Rindalslist fra Rindal i går kveld gikk videre fra den regionale finalen i Ernst & Young Entrepreneur Of The Year, vekstskaperprisen for 2012.
Les heile saka