Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit lite stykke Todalen

Elinor Bolme Måndag 11. august 2014

Vi har utruleg mange fine turmål i Todalen, utan at ein treng så alt for langt frå husnovene. Ein fin tur som er litt bratt, men absolutt verd å prøve seg på er trimposten oppe på Ansnessetra. Denne stigen startar på toppen ved Heggerneset, og er fin å gå etter, og er godt merka heile vegen.

Oppe ved Ansnessetra er det vidare merka til Kikut. Dei som er lommekjent i området, hevdar også at det er sti frå Ansnessetra til Fauskhjellen. Den fann ikkje underteikna, derfor bars det nedatt om Kikut, den gamle Halsetsetra og vidare nedover Halsetlia på skogsvegen.

Undere er nokre bilder frå ein fin ettermiddagstur i vakker Todalsnatur, kun iført joggesko på føtene. Det held slik akkurat over delvis tørka myrer. Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 11. august 2014, 16:33