Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvar einaste dag, i 5 år!

Elinor Bolme Sundag 17. august 2014

Neste søndag den 24. august er det stordag for todalen.no. Da fyller nettstaden heile 5 år og dette tykkjer vi ikkje kan gå ubemerka hen. Derfor vil vi lage til stand på Matkroken denne dagen under kioskåpent, med gratis kaffe og kaker for den som stikk innom.

Her vil vi samtidig ha med oss alle våre effekter som opp i gjennom åra har vore laga der det vil være mulig for eit røvarkjøp. Desverre har vi ikkje lenger koppar, men kan freiste med både sitteunderlag, isskråper, refleksar, termosar og ikkje minst; splitter nye kalenderar/almanakkar i hendig format. Desse har vi no fått spesialprodusert i anledninga, og er lova levering til kommande helg.

Skjermbilde 2014-08-13 kl. 10.05.22

2015 i gamalt format. Vil koste berre 50 kroner. Ei veke går over to sider, med god plass til notater. Kalenderen inneheld 16 spesialutvalde todalsmotiv.

 

Kalenderen vil bli ei salgsvare, og sidan vi har fått med oss ein del sponsorar på laget og i tillegg fått tildelt bolystmidlar gjennom Surnadal kommune si satsing saman med Sunndal kommune, kan vi tilby den til særdeles gunstig pris. Vi har berre bestilt 200 stykker, så her er det førtstemann til mølla. Her er vi også behjelpeleg med å sende pr post om det er nokon utanfor vår «bring sone» som kunne tenkt seg ein.

Styret i todalen.no ønsker i anledningen å takke Kristine Saksen Ulvund i Studio Saksen for all hjelp med oppsett og korrigering av almanakken, og håper alle andre tykkjer såpass om den at vi går tom!

 

Først publisert: 17. august 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 16. august 2014, 12:19