Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3278 artiklar i dette arkivet.


Rute 46 Kvanne – Rykkjem i ordinær drift igjen

Elinor Bolme Måndag 16. november 2015

Fergeforbindelsen mellom Kvanne-Rykkjem var innstilt i vel 4 timar på ettermiddag i dag før det vart opna for ordinær trafikk igjen skriv Driva.no no i kveld.


52/17 søndagsturen til Enge

Elinor Bolme Fredag 13. november 2015

Vekas søndagstur er ein rundtur fra ballbingen på Enge og til Grytdalen langs rørgata – altså i Halsa kommune.

Oppmøte i ballbingen på Enge og felles vandring derfra opp rørgata- ned Grytdalen og til ballbingen igjen for å ta nistepakka. Det er mulighet for å gå heilt fram til Englivatnet, for dei som ønsker ein lengre tur.


Julemesse på Eidet

Elinor Bolme Fredag 13. november 2015

Misjonssambandet melder om at det er julemesse på Eidet bedehus i morgon laurdag 14.nov frå klokka 13. Basarbord og sal av mange slag. Familiemøte kl. 16.00.


Kunstsenteret i Molde med prosjektveke i Todalen

Elinor Bolme Fredag 13. november 2015

Møre og Romsdal kunstsenter i Molde, eit av 15 kunstsentre i Norge, arrangerer i perioden 12.-22. november si andre prosjektveke i år der det er kunsthandverkarane Siri Skjerve og Toril Redalen som er tildelt vekas arrangement med prosjektet ”Fire in the hole” her i Todalen. Arrangementet er også ein del av markeringa av Norske Kunsthåndverkeres 40-årsjubileum.


Julebord

Elinor Bolme Fredag 13. november 2015

Surnadal og Rindal Revmatikkerforening minner om sitt julebord på Bolme Pensjonat den 30.11.2015 kl 1900. Påmelding innen den 21.11 2015 til Bjarne Røen på telefon 99737534


Innvandrarar og framtidshåp

Elinor Bolme Torsdag 12. november 2015

Innvandrarar og framtidshåp er tema når Indre Nordmøre Senioruniversitet har invitert Olav Bergheim saman med innvandrarar og flyktningar til å orientere om bakgrunn, utfordringar og framtidshåp for dei nye innbyggarane på Nordmøre. Møtet skal vere på Kulturhuset i Surnadal 18/11 kl 1100. Det skjer svært mykje på flyktninge- og innvandrarsida no om dagane, og det […]


Månadens bilete: Sauer i soloppgang

Ole Petter Talgø Onsdag 11. november 2015

For oktober kan vi gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete med «Sauer i soloppgang» med over 78 av dei 259 stemmene som kom inn denne månadnen. Dei som har fulgt med Todalen.no ei stund veit at Frode er ein habil fotograf som har funne årets bilete fleire gongar, og det er tydeleg at bileta hans fortsatt er populære.


Eigarlaus båt på fjorden

Elinor Bolme Tysdag 10. november 2015

Frå Christopher Talgø har vi fått melding om ein båt som i kveld vart teke hand om på Todalsforden. Han skriv at han fann den drivande midt i fjorden i dag, såvidt flytande. Han tok hand om båten og fortøyde den i småbåthamna. Så er nokon som har kjennskap til fartøyet, er det berre å hente […]


Søndagsturen til Rindal

Elinor Bolme Fredag 6. november 2015

Vekas søndagstur går til gapahuken ved Gråurtjønna (600 moh.) fra parkeringsplass i Fossdalen i Rindal. Dette er ein tur på ca. 3,7 km. med gangtid på 1.15 t. – 1.45 t. Merka sti langs veg i første del, deretter slakt oppover i forholdsvis tørt terreng.


Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Tysdag 3. november 2015

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Send inn bilete til oss på red@todalen.no.


Basar i Myrvang

Elinor Bolme Måndag 2. november 2015

Økonomigruppa i IL Søya arrangerer årets store basar med inntekt til alle gruppene i idrettslaget i Myrvang søndag 8. november kl 17.30. Her blir det som tidlegare år også utdelt deltakardiplom til alle spelarar i aldersbestemte klassar frå knøttar, til og med G/J12.


Biblioteket skiftar dag

Elinor Bolme Laurdag 31. oktober 2015

Ansvarleg for Todalen bibliotek, Karen Johanne Talgø melder no om at biblioteket endrar dag for utlån. Etter at dametrimmen vart avslutta ser ho at det med fordel bør vere åpent når det er noko som foregår på kveldstid. Derfor blir det no høve til å låne bøker på måndagar framover, siden det da er barneleik for dei minste og litt trafikk på skuleområdet så lell.